- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34

EIN FRITENKJAR

svara Hauk. Frua lika seg ikkje heller. Men ho
hadde sine eigne Tankar, og tagde. Hans var uppi
Under, av di Hauk ikkje hadde gjort det av med Ragna.
„Du hadde fengi Ja paa fyrste Orde, Gut!" sagde han.
Hauk smilte saart. „Aldri eit Ord meir um det," sagde
han, og reiste.

VIII.

Otte Dagar etter stod det ei Brevsending i eit liberalt
Blad, der det var gjort fæle Innhogg mot Prestane.
Dei var alle Ufridomsmenn, og maatte so vera. Til
Døme og Prov var det sistpaa fortalt um Jolepreika aat
Presten Vangen. „Denne Mannen hev fyrr liksom
gjølt for Fridomsflokken," stod der. „Men no, daa det
tek til aa verte Aalvor, no vert Presten rædd og
slengjer ut Bannstraalen. So lengi Fridomen er berre
ein Draum og ein Tanke, so kann Presten nok vera
med; men prøver ein aa faa Tanken inn i Live, so
vert det Djevelskap og Upprør. Det kunde vera til
Mein for Prestegryta, maatru, og røre ved „Pavekruna".
For Skilnaden millom den katolske Kyrkja og den
lutherske Rikskyrkja er ikkje den at den katolske hev
ein Pave og den lutherske er pavelaus; men
Skilnaden er, at den katolske hev e i n Pave, men den
lutherske Rikskyrkja mange." Tilslutt kom det ei
Inn-smøygjing um, at det visst mindre var den gamle
Presten som hadde Skuldi for det som var sagt i
Jolepreika; det var nok helst ein yngre Kar, Kapellanen,
eit ægte Pave-Emne av den nye Pietist-Skulen, som
ein fekk skulde for det; for han hadde fengi Gamlen
so under Svipa, at ein snart kunde segja at det var
Kapellanen som var Sokneprest i det Gjelde.

Blade med Brevsendingi kom til Prestegarden og
vakte stort Uppstyr. Presten vart mest ør av Harm,
og det ikkje minst yvi det siste. Alle i Prestegarden
var støde paa at Brevsendingi maatte vera fraa Hauk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free