- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

EIN FRITENKJAR

skrivi Stykke." — „Du —?" Presten tok liksom til
aa raudne. „Ja eg, Får." Den gamle reiste seg.
„Ingin her i Gjelde!" ropa han. ,.Jau," sagde Ragna.
No vart Presten heit. „Nemn meg Mannen!" sagde
han stutt. „Eg skal so, — dersom du vil lova meg,
at det eg her segjer ikkje paa nokon Maate skal koma
den Mannen til Skade." „Nemn honom!" sagde
Presten med bivrande Munn; „set du Vilkaar for din eigin
Får?" — „Det vilde vera stygt av meg aa fortelja
noko som kunde vera nokon til Mein." — „Men, Barn!"
sagde Presten, „veit du ikkje, at den som syndar maa
taka si Straff?" — „Jau, men . . . det kunde kanskje
vera meir Tankeløyse enn vond Vilje ... og Mannen
trudde vel ikkje det var Synd aa segja si Meining."
„Ragna!" Presten flaug att og fram i stort Upprør; „er
denne vonde Anden farin i deg med? Er me komne
til den Heimsens siste Tid, daa Barn skal reise seg
mot Får, Husfru mot Mann, Tenar mot Husbond? Er
det ikkje lenger Synd aa brjote det 4de Bode? Er det
ikkje Synd, naar eit Soknebarn tilsides-sét den Agt og
Vyrdnad han skylder sin Soknefår?" — Ragna sat og
undrast: var det Balle som tala? — „Kjære Får
min," sagde ho, „eg er ikkje so klok som du, og eg
kann visst ikkje svara paa dette; men eg bed deg um
det for mi Skuld: lat ikkje den Mannen lide noko for
det eg her fortel. Det vilde tyngje meg all min Dag,
dersom eg her drog noko fram som vart ein annan til
Skade. Du hev sjølv lært meg at slikt ikkje er fager
Aatferd. Lova meg dette, Får!" — Presten saag paa
henne og undrast. Ho tala so klokt! — „Ja ja," sagde
han sistpaa, „for di Skuld . . . lovar eg, at eg skal
vera fullt rettferdig mot den Mannen du vil nemne."
„Og ikkje gjera honom noko til Meins —?" Presten
saag lengi paa henne. „Til Meins?" sagde han saara.
„Kven trur du eg er?" — „Tilgjev meg ... eg meinte
det ikkje so. Eg vilde berre kjenne meg liksom meir
trygg ... for min eigin Part . . . naar eg hadde eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free