- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
45

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

Ord ..." „Nemn Mannen. For din Part kann du
vera trygg." Han sukka saart. Ragna stod upp og
tok fram Setelen.

Presten las og skvatt upp. „Vikstad! Den Mannen
som eg gav ein Attest so god! Som eg bad med til
mitt eigi Jolebord! Som eg alltid hev vori god imot,
betre kanskje enn mot nokon av dei andre! — Aa
Styggedom, Styggedom, meir enn Styggedom! Kven
skulde tru at eg der nørde ein Orm ved min Barm?"
„Får, Får," bad Ragna. „Du hev alltid vori paa hans
Side du," sagde Presten harm; „no kann du sjaa! —
Tempora!" sukka han og sette seg; „er me komme so
langt? - Aa Balle, Balle, du hadde Rett! Og det
ein Lærar! Ein Lærar som gjeng der kvar Dag og
forklaarar det 4de Bod ... nei! nei! dette gjeng yvi
alle Merke."

„ja det er leidt," sagde Ragna. ,,Men trur du ikkje
det her kann sjaa verre ut enn det er meint? Vikstad
er visst svært braafus av seg; men eg trur ikkje han
er vond." Ho sat med Augo i Golve og tala med
stort Stræv; det var nok fyrste Gongen ho antrast med
Får sin paa denne Maaten. Den gamle lika seg ikkje.
No daa han var uppi so mykje leidt og harmelegt,
burde daa iminsto hans eigi Hus vera paa hans Side,
totte han. Og serleg Ragna, som han no hadde vori
so god imot all Tid. Han sat og saag paa henne fraa
Sida, halvt sorgfull, halvt harmfull, og svara ikkje.
Tidsaandi! Tidsaandi! tenkte han. „Balle hev Rett:
Tidsaandi er vaar Fiende." Ragna sat og stræva
med aa faa fram det Spursmaale som ho helst var
komi fyri. Det var so vandt aa finne Mod. At ikkje
Far kunde hjelpe henne paa Veg! — for her var det
han som hadde Urett.

„Men no," sagde ho endeleg, „veit me daa at den
andre . . . er saklaus?" Presten kvakk upp og vart
raud. Der fekk ho eit stygt Tak paa meg, tenkte han.
„Hm — ja," svara han, „det hender ofte i denne Tid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free