Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
gjera. Han takka Presten i sine Tankar for at han
hadde vekt han upp av hans „nye Rus“. Det
einaste moralske og mannslege var aa taka Live som det
kom og bera det med Mod; og det fanst berre ei Raad
mot Sorg og Sut som ein Mann kunde forsvara aa
bruka, og det var Arbeide; — Arbeide aaleine.
So som han no var i Lag kjende han seg styrkt og
frisk av desse Tankane. Han hadde ikkje paa lange
Tidir kjent seg so modig. Skam og Skade at han
ikkje heilt hadde set det han no saag fyrr; men no
saag han det, og no hadde han vunni.
Han var reint glad for han var komin laus fraa
denne store Daudingheimen, Kyrkja, so han ikkje
lenger stod i Samfund med den. Og han kjende det
meir enn nokosinn som ein heilag og dyr Skyldnad aa
vera med og berge Folke ut or denne tyngjande og
talmande Trolldomen. Han saag paa Kyrkjefolke som dei
tusla fram der gjenom Gata med lutande Hovud og
seinføre trøytte Stig, og han hadde vondt av deim. Han
totte dei var liksom sjuke Folk som var komne upp i
Hendane paa Runekallar og Signekjeringar og ikkje
hadde Magt til aa løyse seg ut att. Aa, den som kunde
sende lite Sol innyvi all denne Trolldomen, so Trolli
gjekk i Stein og Folk slapp frie! I det same hugsa
han Ragna. Ragna! ho gjekk og innestengd der i
denne Natti. Ho med sin fine Tanke og sin reine,
varme Hug laag likeeins nedtyngd og kvævd i denne
„gudelege“ Skodda. Alt hans Blod kom i Kok. Han
skulde og maatte berge henne. Ho, Kongsdotten, den
friske, fagre Møy, skulde ut or Fjelle. Ho skulde ikkje
sitja derinne og frjose i kalde Glassalar, naar Soli
giddra herute, og Blomane anga og alle Fuglar song; nei!
ho skulde ut, ut i Dagen der ho hadde heime, ut og
kjenne Guds svale Luft strøyme friskande um sine
Vangar; og han, han, han sjølv vilde vera Riddaren. Her
hjelpte ikkje Snakk. Han tok henne; ho var hans. Ho
elska honom, og han elska henne; ingin, og inginting,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>