Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
hadde Rett til aa leggje seg imillom her. Han sprang
meir enn han gjekk. Men rett som det var, stod han.
Kor visste han at ho elska honom? Hans hadde sagt
det; men kva forstod Hans seg paa slikt. „Og eg
sjølv... var for ærleg til aa spyrja.“
Han gjekk tung og uroleg inn. Naar alt kom ihop
hadde han nok lite Grunn til aa vera modig.
Men paa Borde laag eit lite fint Brev.
Han treiv det, fekk liksom Hjarteklapp, og reiv det
upp. Der stod:
„Herr Eystein Hauk.
Eg er skamfull for eg hev drygt so lengi med aa
svara paa det De skreiv. Men det kunde ikkje bera
til fyrr. No trur me alle at det ikkje er De, og det
var hyggjelegt at so var. Men eg burde visst det.
Ragna Vangen.“
Han lo høgt av Glede og heldt eit Leven, so Gjenta
kom inn og spurde um det var noko. „Himilens Vink!“
skreik Eystein; han gjekk Golve rundt i lange Stìg og lo.
Gjenta skyna ikkje dette og gjekk att. Men Hauk sette
seg og skreiv Friarbrev. „No er eg frelst!“ tenkte
han. „Hev eg fyrst Gjenta paa mi Side, so blæs eg
aat alle, og aat alt! Ho og eg, me skal nok koma utav
det; eg skal lære henne det eg veit sjølv, og so skal
ho ein Gong takke meg for sin Fridom!“
XV.
Slik glødande, daaresjuk Elskhug som den Eysteins
Brev gav Vitnemaal um hadde Ragna knapt drøymt.
Ho kom liksom upp i eit nytt Liv daa ho hadde lesi
Breve, kjende seg roleg og byrg, kjende heile denne
stolte, høge Dis-Gleda, som kvar Kvinne kjenner,
naar ho forstend at ho hev Elskaren sin heilt ut i si
Magt, — men kjende og samstundes denne varme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>