- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
63

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

kjærlege, uendeleg medynksfulle Trong til aa gjeva seg heilt
att til denne Mannen og gjera honom l, han som
soleis gav seg heilt til henne. Kor ho var glad
og sterk. Ho brydde seg ikkje lenger um det som
stod i Vegen. Ja ho kunde mest ynskt at der var ein
sterkare Motstand, so ho kunde fengi ein større
Strid for sin Elskhug og sin Vén. Og ho forstod so
godt alle desse gamle Segnir og Songar um vene
Møyar som gav Live for sin Kjærleik. Men Striden
kom nok, tenkte ho, um so paa ein annan Maate; og
i den Striden vilde ho med uendeleg Glede leggje heile
sitt Liv. Herre Gud, det var stort, det var verdt aa
lìva, naar ein fekk liva heilt for den, som ein elska
so høgt.

Ho fortalde Môr si um Breve; Môri gav henne ein
Kyss og lova aa tala til Presten. „Nei! eg talar med
honom sjølv!“ sagde Ragna med straalande Augo og
ein Smil som ei Valkyrje. Môri saag paa henne; voks
liksom ved Syni; forstod Dotter si og smilte. „Ja ja,
gjer det,“ sagde ho; „du er sterkare enn eg.“

Ragna gjekk til Fâr sin. „Her hev eg Brev fraa
Hauk,“ sagde ho, „so som eg hev venta. Og no kann
eg ikkje anna... enn som eg fyrr hev sagt.“
Presten seig ihop i grøteleg Modløyse; kjem det likevel,
sukka han. „Og du bryr deg ikkje um, at du gjer
din gamle Far Hjartesorg paa hans gamle Dagar?“
spurde han.

Det skar i henne aa høyre dette; ho gløymde heile
sin Stridshug og saag paa den Gamle med Sjæli full
av Sorg og Sut. „Tenk deg um endaa ei Stund, Ragna,“
bad Presten; „tenk deg um berre til i Morgo!“
— Ho riste stilt paa Hovude. „Eg skal vente paa Svar
til i Morgo; for meg sjølv hev eg tenkt yvi alt.“ Og
ho rette seg upp og vart liksom so høg og framand —:
„den som vil gjera Guds Vilje lyt hata baade Fâr og
Mor og Syster og Bror, ja tilmed sitt eigi Liv.“ Det
lyste or Augo hennar liksom med Maaneglans. Presten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free