- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
101

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

alle Aarir og aat seg inn i mi Hjarterot. Og du smilte
og sagde: no er du mi, og no skal du fylgje meg.
Men eg seig i Kne og rette Armane imot deg og sagde:
ja eg vil! for no kjenner eg at eg maa døy. — — —
Ja, eg vil døy. Og i ditt Namn vil eg døy, og til deg
vil eg fara, kvar du so er; for du var mitt Liv, og til deg
gav eg meg all, og deg kann eg aldri gløyme.“ — — —

Det stod ikkje til aa dylja: Ragna, den unge, friske
Kvinna, hadde gjengi til Grunns i denne syrgjelege
Striden som Hauk hadde ført henne upp i; han hadde
drepi henne til Likam og Sjæl. Drepi henne, og mist
henne. Han var den største Ugjerningsmann og den
største Usæling paa Jordi. Den bleike sjælesjuke
Kvinna steig stirande fram mot honom i sine Likklæde
og kravde att av honom sitt Liv og sin blømande
Ungdom, og den vesle foreldrelause der heime... Dei
som saag Eystein Hauk aatte Dagar etter, kjende honom
ikkje att.

Han skreiv eit stutt Brev heim. „Farvel; no er det
slutt. Gløym meg; eg vil gløyme meg sjølv. Eg vil
røme for meg sjølv og mine grøtelege Minne, røme
all Jordi rundt, til eg finn Dauden. Farvel, kjære Far,
Farvel, kjære, kjære Mor! Eg er fortapt; eg hev misst
alt. Kjære Mor, legg Blomar paa Gravi hennar, mange,
mange Blomar; for ho var so fager, og eg hadde henne
so kjær. Og ver god mot den vesle...“

— Mange Aar gjekk; ingin visste kvar Hauk ferdest.
Heime gjekk det mange Segnir um honom; sume sagde
at han var galin; eit stort Bakstrævarblad fortalde
endaa at ein kjend Radikalist, som i si Tid arbeidde
i eit kjent radikalt Blad her i Byen, no endeleg var
komin paa Daarekista. Andre sagde at han var daain.
Sistpaa var han gløymd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free