Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AV LAAK ÆTT
117
vondt av det; og daa ho kom inn i Stogo og saag Far
sin og Mor si, desse gode og byrge gamle Folk, daa
lagde det seg som ein Frost for Bringa paa henne, at
ho laut nok slaa fraa seg alle Tankar um Leiv Hegglid.
Men mot Kvelden kom Tankane att sterkare enn
fyrr. Det fekk vera det same med Ætti; ein Kar som
Leiv turvte ingi Ætt. Far og Mor vilde leggje imot
det dei kunde; men i Grunnen visste ho at ho raadde
deim. Leiv skal bli min! tenkte ho, og vart so sæl
at ho slog sund alle dei Koppar og Fat ho fekk i
Hendane den Kvelden. „Eg meiner du drøymer, eg?"
undrast Mor hennar.
Morgonen etter kom dei kalde Tankane att. Det
hjelpte lite at ho raadde med Far og Mor; kva vilde
Ætti og Bygdi segja? Kva vilde dei segja paa
Haugstad? Og paa Aasen? Og der, og der? Heile Dagen
gjekk ho og verkte med dette og kjende seg so leid
og uhugleg at ho brydde seg um ingin Ting. Men
mot Kvelden kom Leiv for henne som fyrr. Eg er
like sæl um Bygdi, tenkte ho. Lat Folk drøse; eg er
like god for det. Ho slog alle andre Tankar fraa seg.
Og tenkte paa Leiv; berre paa Leiv.
Ute paa Tune tok Bikkja til aa gøy. Kven kann
vera ute dette Bile? tenkte Alvhild og snikte seg ut;
ho var so uroleg i sine Tankar. Hunden stod ned
med Stabbure og gøydde som alt vondt var ute; „hyss,
Odin!" sagde Alvhild og gjekk der ned. Daa kom
Lars fram. „God Kveld," sagde han. „Eg skulde helse
og segja at det er ein som ventar paa deg ved den
gamle Furo. Du fær Synd paa deg, um du ikkje gjeng."
I det same flaug han. Odin etter, skvakkande. No
kom Mori. „Kva tru det er Hunden gøyr so fyri?"
sa ho. „Aa, ikkje for noko. — Jau det strauk ein
Framandkar ned-um her." — „Kven kann det ha vori?"
— „Du maa so segja." — „Sjaa du fær Bikkja med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>