Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
118
AV LA AK ÆTT
deg inn." — „Ja." — „Kva er det du stend etter?"
— „Er Geitane komne heim alle?" — „Eg trur daa
visst det. Kor daa?" — „Denne Framandkaren sa
han hadde set eit Par Geitar burt-i Skogen." — „Aa
kjære deg, daa lyt du stad sjaa etter. Det kunde vera
Graatussa. Skunda deg, Alvhild!" — „Ja, Mor."
Alvhild gjekk. Og undrast sjølv paa at ho so gjorde. —
— Attmed den gamle Furo stod Leiv.
Han hadde ikkje vori so rædd i sine Livedagar.
„At eg gjekk til Haugstad var Tankeløyse, men at eg
gjekk hit var Vitløyse," mulla han for seg sjølv. Gong
paa Gong. No sat vel Alvh’ild heime og lo aat han.
Lo og fortalde til kven som vilde høyre, um dei
ravgalne Tankane denne Hegglidguten var komin paa.
Han beit Tennane ihop; og gjenom Bringa hans drog
det seg som kalde Staal-Eggir.
Men han slo Tankane fraa seg og vart standande.
Elvesusen gjekk roleg og tung gjenom Skogen. Svarte
Tretoppar rugga i Vinden; stygge store Skyflokar laag
upp-i Himilen og dreiv, skifte Ham, skilde seg sund,
minka, auka; beint upp-yvi Dalegarden stod eit Troll
med tri Hovud; det vart til ein Baat med tri Mann i,
og so til ein Hest med Sadel paa. Ja; kom ho ikkje
i Kveld, so vilde han i Natt ride den Hesten. Tanken
dreiv myrk gjenom Heilen hans som Skyi paa Himilen;
han kulsa og skvatt upp. Best eg gjeng, tenkte han.
Med det same kvakk han og stod still: høyrde han kje
noko? — Stig? — lette, lette liksom Vengslag i Lufti?
— Nei. Alt var stilt. Alt var daudt. Nei? Jau?
— jau; ho kom; det var ho! — Den som no hadde
eit Hjarta av Staal, tenkte Leiv og retta seg upp; aldri
i sine Livedagar hadde han kjent seg so litin.
Lett og stilt kom ho gangande; glytte ikring seg;
stana, lydde. Leiv hadde best Hug til aa røme, men
laut fram. Helsa god Kveld med underleg uklaar
Røyst; „du var gild som kom; eg . . . laut tala med
deg ... ein Gong til. Men fyrst skal du lova meg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>