- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
119

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV LAAK ÆTT 127

ein Ting, Alvhild: at du ikkje skal . . . undrast . . .
og ikkje tykkjast, og ikkje fortelja det til noko
Menneskje." Alvhild lova det. Ho kjende seg so underleg;
det var som det skalv i henne; kva vilde han? Det
kunde ikkje vera Friing so braadt; men eitkvart laut
det vera. Ho glytte upp aa han. For staut og
drengje-leg Kar! Stor stod han der i det dimme Ljos; Augo
hans blenkte i Maaneglansen; ho vart som trylt av aa
sjaa paa han; Make til Gut fanst ikkje; visste han kor
ho heldt av han, so var han ikkje so bljug. Men Bygdi?

— „For det er underlege Ting eg vil segja deg,"
heldt Leiv fram; „og du vil vel helst tru eg ørskar.
Men eg slepp ikkje fraa det; eg maa segja det; og so
fær du taka det so vel upp som du kann." Alvhild
bivra der ho stod; ho hadde Tak i ein Hatlekvist som
ho liksom heldt seg fast i; svara var raadlaust. Leiv
tok fram-i att; det gjekk ustødt og tungt. Det han
vilde fortelja brydde vel ikkje ho seg um; men det
var det, at han hadde tenkt paa . . . sett seg fast
fyri ... aa ... ja, aa fara til Amerika. Det kvakk
i henne; ho vart liksom so kald. „Til Amerika?"

Ja. Leiv vilde til Amerika. Ein kom ingin Veg
her; Folk, dei var som dei var, og han . . . her gjekk
han som ein Folkestygg endaa han inkje vondt hadde
gjort . . . utanfor alt godt Lag i Bygdi. Han var leid
av dette no; skulde han Hva, vilde han liva som Folk;
han vilde til Amerika.

Alvhild hadde fengi eit Hatleblad millom Fingrane;
ho stod og lagde det ihop og tok det upp att: „det er
langt dit," sagde ho. Ja visst var det langt, svara
Leiv; og ho maatte ikkje tru han hadde nokon sers
Hug til aa fara; minst no; men . . . nettupp no laut
han ut; og det var ikkje lenger enn at ein kunde . . .
koma baade att og fram, um so skulde vera; og hans
Tanke var aa koma heim att, — um det so kunde
laga seg. Her trivla han meir enn vanleg etter Ord
eit Bil; so bar det i Veg att um Utferdi. Ut og tena

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free