- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
170

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

SELD TIL DEN VONDE 170

Far aat det eg ber under Belte." Ho lagde seg
fram-yvi Borde og grov Andlite ned millom Armane; no
var det sagt.

*



Den gamle Futen kvitna. Han tok seg i Dørkarmen
til aa hava noko aa halde seg i, og stod og stirde paa
Dotter si so forskræmd som ho var ein Draug. „Kva
er det du segjer," spurde han sistpaa; det høyrdest
so haast og stygt. „Er du med Barn?" — „Ja,"
kviskra Gunhild. No rette Futen seg upp og sleppte
Take i Dørkarmen. „Kven er Far aat det Barne?"
spurde han. Ho drog etter Anden; svelgde og svelgde
paa Rædsla som vilde upp; no kom det verste. „Er
det ein Bonde?" spurde Futen med isande Mæle.
„Ja" . . .

— — Ho sat og venta paa alt vondt! Men den
gamle tagde. Sistpaa høyrde ho han gjekk, tungt,
ustødt, forunderleg seint. Ho lydde og lydde, heldt
Anden og lydde . . . kvar vilde han av? Kva tenkte
han paa? Vilde han ut etter Kniv ... Ei tankelaus
Daudrædsle tok henne. Ho sprang ut og vilde gøyme
seg; kjende seg ingin Stad trygg; flaug att og fram,
skjelvande og ør; var so rædd at ho saag knapt. Der
kom den gamle. Ho seig i Kne med eit jamrande
Skrik og strekte Armane fram for seg. Gamlingen
kunde ikkje halde seg for aa tykkje Synd i henne,
hjelpelaus og forskræmd som ho der laag; men det
kom ikkje Saki ved. Han stana og tala til henne so
rolegt og kaldt at ho strakst kom til seg att og vart
skamfull yvi si eigi Rædsle. „Du var vel verd aa døy,"
sagde han; „men eg skal ikkje drepa deg. Eg hev
ikkje meir med deg. Her er Morsarven din; tak den
og gakk; og kom meg ikkje meir for Augo. Eit slikt
Kvinnfolk vil eg ikkje hava i mitt Hus; og med desse
Pengane her kann du berge deg sjølv. Farvel!"

Dermed snudde Futen og gjekk. Ho høyrde tunge

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free