- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
192

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

180

SELD TIL DEN VONDE 192

hadde funni seg fat paa eit Kvinnfolk der, ein Gjentunge
aa kalle fyri . . . naa, det var elles eit skikkelegt Ting,
som alt Folk flaug galne etter; for ho var ven, Trolle,
overlag ven, so det var utan Maate og Maal, sagde
Folk; og der var noko i det; men Fanden so stolt!
urimeleg stolt; hadde sagt Nei til kvar einaste ein;
ikkje eit godt Ord aa faa; nei; det var Sattan til plent
Kvinnfolk. Men elles i alle Maatar framifraa. Det hadde
mange fine Fyrar bela til henne; ror ho skulde vera
noko reint utanfares . . . berre ho ikkje var so stolt.
Hm! Noksagt; den Galningen Baard, han vart galin
etter henne. Og han lika at ho var stolt, han. Han
var nok leid desse vanlege —hm; han totte dette var
noko nytt. Men Gud hjelpe den Stakkaren; for der
kom han i Glefsa. Han som ikkje visste av aa faa
Nei nokon Stad — „aa Gud forsyrgje meg kor mange
han hev narra!" — han som all sin Dag hadde vori
reint søkt . . . haa-haa! han hadde ikkje meir Vyrdnad
for eit Kvinnfolk enn for eit Par gamle Vottar; han hadde
gjerne vaaga seg i Kast med Dronningi av Spania! ...
„for det er Fanden til Gut; du ser ikkje hans Make
kvar Dag; stor og ferm, velvaksin og herdebreid;
Andlit som ei Gjente og Haar som Kong Absalon; og
so lystig, Far! — hm! — lystig og vill; glad i godt
Ver og endaa gladare i vondt; frisk som ein Fugl, fri
og framdjerv som ein Sjørøvar ... jau! eg kunde
fortelja mangt um den Guten, eg; men det er visst, og
det segjer alle: honom vert det noko av, fær han
Live-dagane. Det er süme som segjer at han er ein Skarv;
men det er alltid slike som han hev dengt, eller som
han hev teki Kjærastane fraa . . . men noksagt. Ja!
Det var denne Gjentungen. So vent hev eg aldri set;
ho var som skapt aat ein Gut som Baard . . . berre
ho ikkje var so stolt. Huff; dei skulde vita kva dei
var utan oss, dei Trolli, so var dei ikkje so kaute. Og
ho var ingin ræddare enn Baard. Han freista seg paa
alle dei Maatar som til var; men nei! ikkje eit godt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free