Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180 SELD TIL DEN VONDE
193
Ord; ho var som av Malm, den Gjenta. Slike burde
faa Lov aa gaa; so fekk dei kjenne kor godt det var;
naa! men di meir ho stod imot, di heitare vart han;
og sistpaa gjekk han der som galin og kunde ikkje
tenkje paa anna enn dette Kvinnfolke. Slikt hev eg aldri
sét. Og Enden vart at han gav seg til aa tenkje paa
aa gifte seg med henne! ja for Aalvor daa, forstend
De. — Ja det var fælt. Han gjekk der og stura og
var so sur og vill som han skulde havt Tannverk. Ein
Dag gjekk han daa upp til Gjenta og sagde henne dette;
svor og forbanna seg paa at det var hans Hjartans
Meining dette, at han vilde gifte seg med henne og
taka henne med seg heim, og liva med henne i Tukt
og Ære som ein god Ægtemann; og so lengi svor han
og banna, til dess Gjenta trudde ’n. Og med same
Gongen var det som ho var umskapt. Aldri sét slikt!
Berre Eld og Glod all igjenom. Ho var so glad i Baard
at ho kunde ikkje vera fraa han ein Dag! Ja, slik er
det med desse kaute; verre enn alle i Grunnen; stilt
Vatn hev djupaste Botnen. Men elles var ho ei bra
Gjente; ærleg som Gull og trufast som eit Storanker;
Baard var reint vill, han. Reint ravande galin. Han
var so glad at han vart til Narr for heile Skuta ; for
det maa vera Maate med alt. Han dengde upp tri
Mann paa ein Kveld, for dei hadde sagt eit Ord um
henne som han ikkje lika. Dengde deim til dei laag
og vreid seg som Aal i ei Teine; huff; ja det var fælt.
Eg kjende ikkje Guten att. Og so vilde han gifte seg
i same Rappe; det var ikkje Bøn for det. Ho var slikt
eit framifraa Kvinnfolk . . . elles berre Dotter av ei
skarve Enkje; Far hennar var ein Gong i Verdi Skipper,
segjer dei, og ein hard Haus . . . Men Anna vilde
ikkje Baard skiljast med; ikkje ein Dag. So fekk me
Vind og siglde; og dermed vart han liggjande etter...
fekk Lov av Skipperen, ser De. Og til meg sagde han
at han vilde fylgje Jens Villumson heim; og daa skulde
han koma som gift Mann og blaase aat alle dei Kvinn-
13 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>