Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
SELD TIL DEN VONDE 194
folk som fanst, baade her og annanstad i Verdi. So
no kann De vente ham um nokre Vikur; det spyrst
um Ver og Vind, ser De; no ei Stund hev det vori
bra; men det er likt til at han vil snu att."
— Hans Mikkelsen dreiv att og fram paa Golve og
fortalde; fortalde og lo; Mor Judit sat og glyrde;
Gunhild kjende kvart Orde hans som ein Styng i seg. Slik
ein Gut, so sæl som han no var ... bli øydelagd no,
nett som Live hans skulde byrja; kann hende naadde
han ikkje heim fyrr den Vonde kom og viste han Breve
med Blodskrifti . . .
Ho sat og stirde og stirde, bleik og stivøygd, so
Hans Mikkelsen vart rædd og gjekk. Slike sjuke
Kvinnfolk likar eg ikkje, sagde han.
Sidan gjekk Gunhild endaa ein Gong til Presten.
Me maatte berge Guten; Presten laut finne paa Raad.
Ho tala lengi med han; fortalde han Sogur og Segnir
um fleire som hadde narra den Vonde; Presten visste
au um at slikt var hendt. Men det var likevel
raad-laust aa vita um det no kunde hende. Det spurdest
um so mange Ting. Og det var faae eller ingin av
Prestane i denne Tid, som hadde slik Magt imot den
Vonde. Det einaste Gunhild kunde faa han til aa lova
var, at han skulde tala med den Mannen som var seld,
— u m det skulde finnast ei Raad. Det spurdest so
mykje korleis Mannen hadde livt; um han hadde
synda av Tankeløyse og i Veikleik, eller um sjølve Viljen
hans var vond, so han ærleg fortente aa koma i Kløane
paa den Vonde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>