Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Stordaad.
DET var ein Novemberdag i Kristiania. Og Dagen
var slik som ein Novemberdag skal vera i dette
hyperboræiske Hole: graakald og ufjelg, med gule
Vindkvervlar føykjande gjenom Gatekrokane, og med Dumba
drivande gjenom Lufti tett og kvass som Rennefok.
Men Folk laut vera ute. Ein her og ein der kilte
dei burtetter Fortaagi, krylande, kavande, flaksande i
Vinden som gamle Fillur, med Hattane nedyvi Nasane
og Hendane yvi Hattane. Og Kvinnfolki bauta seg fram
so godt dei kunde med si store Seglføring, vinglande
mangeleis i Vindkasti. So kom dei gule Kvervlane
farande; fekk Tak i deim; drog deim inni seg; løynde
deim burt i sitt hole Fangtak; dansa rundt med deim
so Stakkane fauk; slengde deim so fraa seg att mot
Vegg eller Stokk og lét deim greide seg som dei kunde.
Og Taksteinane uppaa Taki hoppa og leika som dei var
livande; og Skorsteinane blés Musik; og nede ved
Piperviksbryggja laag Jegtir og Skonnertar og duva og
dukka og skreik i Riggane og sleit i sine Kjettingar,
liksom dei vilde rive seg lause og koma seg vel herifraa.
Det var eit Hunde-Vér. Men Folk laut vera ute, og
det daa ikkje minst dei som var skralt klædde. Fram
gjenom Klingenberggata kava seg soleis med stort Stræv
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>