- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
225

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

STORDAAD

225

Daa tagde dei tvo smaae. Dei saag paa Skillingen
og saag paa kvarandre; der skalv Graat um Munnen
deira; og Augo vart fulle og varme som av
Glede-taarur. Dei heldt kvarandre i Hendane og saag uppetter
Vindaugo, liksom dei leitte etter Studenten; so rusla dei.

Men Studenten fraus daa han kom uppatt; han
hengde Frakken av seg og lagde Omnen full. Han
var rædd han hadde forkjølt seg. Og han murra med
seg sjølv: „den som nu enda visste, om disse Ungerne
er saa trængende i Virkeligheten som di saa ut til!"

Men Johannemor og Hansemann kava seg av Stad
gjenom Stormen som dei best kunde. Hjartesæle var
dei; og det einaste dei hadde Tanke for no var,
korleis dei paa beste Maaten skulde gjera seg godt av
den nye Rikdomen sin.

„Er du sulten, Hansemann?" spurde Johanne.

Hansemann lo yvi heile Fleisen: „d’ær’nte fritt!"
sagde han.

„Ska vi gaa paa Dampen aa kjøpe Medda’ me
Tillegg?" spurde Johanne.

Hansemann lo høgt. „Jæ tænker dæ, jæ!" sagde
han. Og Augo lyste paa den vesle Stakkaren.

Han tenkte paa varm Mat. God varm Mat i ein
varm ljos Sal, der han og Syster hans kunde sitja i
Ro og eta av same Fate. Og eta seg gode og mette;
og verme seg; og bli gode og varme; og gode og
mette . . . aah; ja det vilde han! det vilde han! Aa
han var so svoltin; han var so liddeli’ svoltin.

Ikkje tenkje paa det svarte Kote der nedi
Rødfyll-gata, der uppaa det gamle stygge Lofte der det alltid
var kaldt og raatt og aldri Sol; for Vindauga var berre
ein Glugg i Take, halvt fyrebygd . . . Sitja der og
maule Skivu og drikke Vatn eller Pott-01 . . . nei!
Og um dei hadde til aa leggje i Omnen, so vart der
so fullt av Røyk; og so maatte dei lyfte upp den store

15 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free