Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ungdom.
ANNE Malene var ein søt Unge, fæl til aa stela Sukker.
_ Og fæl til aa ljuge. Naar ho hadde vori i Skaap
eller Matbud og forsynt seg so som ho sjølv syntest,
baade med Sukker og anna søtt og godt, og so Mor
Astrid kom og gav vondt, so laug ho so godt for seg
at Mor Astrid lét seg narre; og so sprang Ungen burt
til han Per og lo og fortalde og gjorde seg til, for ho
kunde narre dei vaksne so godt. „Men naar du kjem
inn att fær du Stryk," meinte han Per. „Nei det gjer
eg ikkje," sagde Anne Malene; „ho Mor er aldri i Ulag
lengi."
Men ein Gong skulde Anne Malene likevel ha Stryk;
for ho hadde øydelagt ein heil Sukkertopp. Daa tagna
ho og hengde med Nebben. Og daa Mor Astrid hadde
fengi henne under Hendar, og steilt alt tilrettes so som
det skal vera naar ein Unge skal ha Stryk, vart Anne
Malene rædd og bad for seg. „Kjære deg, Mor, slaa
ikkje for hardt," sutra ho. Mor Astrid maatte til aa
læ; og dermed slapp Ungen. Sidan vart det aldri sagt
noko um Anne Malene stal Sukker.
Vesle Per, Son hans Tjerand Nedi-Garden, hadde si
store Møde med Malene; for ho vilde alltid vera Kona
hans. Dersom ho ikkje fekk Lov til det, so fekk han
Juling. Men fekk ho Lov, so dreiv ho og kommandera
og masa med han so lengi til dess han vart leid og
sagde stopp; og daa fekk han au Juling. Men dersom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>