Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
230
UNGDOM
han grét, vart Anne Malene so blid og snild og fann
paa so mykje løglegt at Per laut læ; og so lo dei i
Kapp. Og vesle Per gløymde baade Sinne og Sut, og
gav etter og var Mann med stort Tolmod; og træla
for Huse so han burde havt Løn for det.
Paa Skulen slapp Anne Malene like eins lett; det var
ingin som kunde vera vond paa henne lengi. Ho var
helst saman med Gutane; og det fekk ho Lov til; for
det fylgde Moro med henne. Snart styrde ho heile
Flokken; og desse Smaastertane lika seg ikkje utan ho
var med. Det var ikkje Ende paa alle dei galne Ting
dei gjorde til aa vera Karar for henne; dei slost so
dei blødde Naseblod; vassa i Elv og Bekk so dei vart
vaate til Knes; vaaga seg ut paa nattgamall Is; krabba
upp paa Lødu og Fjos og gjekk og spanta att og fram
paa Møni som store Fuglar; süme av deim lærde seg til
aa banne; og eit Par av dei eldste freista endaa med
Tobak. Ho var med deim paa so mykje som ho kunde;
sistpaa kunde ho segja „saagu" og „Dægeren færi meg"
likso kaut som nokon Gut, og tok sine Drag av Pipa
so godt som den likaste. Og daa sette ho slik ein
Trut, og var so morosam so; ein kunde læ seg ihel;
eller ho gjorde Narr av deim, og gjorde lang Nase til
deim, og fekk deim so sinna som smaae Hanar.
Anne Malene kunde aldri Leksa si. Og ho kunde
aldri sitja roleg i Skulen. Men Læraren sagde ikkje
noko for det; og det fann dei andre rimelegt. Daa ho
skulde til Konfirmasjon kom det ille med at ho hadde
lesi so lite; ho kunde ikkje Katekisma dessmeir. Ja ho
kunde ikkje greide dei tie Guds Bödi. Men Presten
saag at ho var eit godt Barn; det kunde ein sjaa berre
ho smilte; og so hadde ho ein god Forstand, og høyrde
etter naar han forklaara for deim; og Vaarherre bøygde
henne nok naar hans Tid kom. So slapp Anne Malene
lett igjenom hjaa Presten med, og fekk eit ikkje verst
laagt Nummer. Daa lo ho godt. Ho totte ho hadde
narra sjølve Presten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>