Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
232
UNGDOM
Solmurane gjenom Rome hadde svinga og svinga og
stod no paa Snid nedgjenom Kyrkja og vilde vera ute
snart. Uppe paa Orga gjekk Konfirmasjonssalmen i rolege
faste Koralstig, rullande og tung i Basen, mjuk og søt
og eit Grand tilslørd i Tenoren; Kyrkjelyden song. Daa
Salmen var til Endes, vart Ungdomen tekin upp til Altare
i Avdelingar og konfirmera. Graaten tok til att; Aalvor
laag yvi det heile.
Det var 81 Konfirmantar, 38 Gutar og 43 Gjentur.
Presten som sjølv var trøytt no, ekspedera deim ein
for ein rett fort; og dei forsikra alle ihop, at dei
forsaka av heile sitt Hjarta Djevelen og alt hans Væsen
og alle hans Gjerningar. Det gjekk so taktfast og trygt,
at det maatte gjera Kyrkjelyden godt aa høyre paa.
Dei som var framme fyrst grét. Dei som kom seinare
tok det meir rolegt; mot Slutten grét ingin; og ingin
høyrde etter heller; Kyrkja var trøytt; Solstraumane
var ute for lengi sidan; Rome myrkna mot Kvelden.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>