- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
237

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

UNGDOM

237

usedeleg Kjenning av at han var glad . . . uff, glad.
Aa, han skulde aldri gjera det meir, aldri. — Aldri!

Han kunde snakke med henne, hannhende skjemte
med henne so smaatt naar det høvde seg so; men i
Tukt og Ære; og det som i Dag hadde hendt, det
maatte vera gløymt for all Tid; nedsøkkt i Lethe; ja, i
Lethe. —

— Han snakka med Anne Malene so smaatt, og
skjemta med henne naar det høvde seg so, baade i
Tukt og Ære; men ein Gong høvde det seg so at det
gjekk reint gali med deim. Jens Carlstad var ein
Kjeltring! Han hadde forført henne! Det stakkars uskyldige
Barne som hadde havt so trygg ei Tru til han, — no
visste ho kva han var for ein Kar. Og Jens Carlstad
var grov mot seg sjølv, og banna seg sjølv, og agitera
seg upp mot seg sjølv med alle dei Raadir han visste
. . . og var glad. Glad, glad. For ho elska han! ho,
den vesle snilde Gjentungen, ho elska han; — uff, han
var ein Kjeltring.

Nei visst var han ei. Han hadde ikkje forført henne.
Det kom av seg sjølv; det kom som ei Ulykke. Som
Stormen; ingin veit kvar han kjem fraa, og ingin veit
kvar han gjeng. Ho vart so søt; altfor-altfor-altfor søt;
han gløymde at han var sedeleg, gløymde alt; saag
berre henne, henne, hugtakande, forlokkande, med ein
Smil so søt og syndig; og ljose Augo i vaat Glans;
han saag det gjenom ei Skodde; gjenom ein Rus; han
visste ikkje at Kjærleiken var so sterk; ingin visste det
no; dei tala og skreiv um aandeleg Kjærleik, og sedeleg
Kjærleik, og usedeleg Kjærleik, og Sjukdom, og
Satans-magt; men ingin visste noko um Kjærleik! for den var
korkje sedeleg eller usedeleg, men sterkare enn Dauden.
Og no hadde han misst henne. Ho hadde ikkje sagt
nokon Ting; ikkje eit Ord; slog ikkje upp Augo
dessmeir; berre gjekk sin Veg, bleik, forskræmd ... ho
var vond; han visste det. Ho vilde segja det til
Foreldri sine. Dei vilde krevja at han skulde gifte seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0245.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free