Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SJØ
259
ikkje so lett misser sitt Tölmod naar den er til Stades.
Me tagde og venta. Fylgje var mest Vénir fraa
Arbeidar-samfunde. Av Bokmanns-Fanten saag eg ikkje meir
enn tvo eller tri, naar eg rekna meg sjølv med. Alt
Folk var i Storthinge, maa-vita. Høgremennar fanst
her sjølvsagt ikkje; dette var eit avgjort
Vinstre-Lik.
Me var i det heilepyntelege, godt klædde Folk. Men
der var ikkje mange Flosshattar. Og der var Frakkar
aa sköda, som laut ha røynt Verdi ymist alt. Det var
knapt nokon med av deim som stend høgt paa
Skattelista. Ein fekk i det heile segja at me synte fram
Folke. Men det gjorde me verdigt.
Um ei Stund kom Presten. Og so byrja det.
Song-lage fraa Arbeidarsamfunde tok i med ein Song som
var skrivin for denne Stundi, og der den avlidne serleg
var prist for si Tru paa Framtidi. So heldt Presten Tala
si. Ho var berre stutt.
Med Tilføre av at me stod ved denne Kista, sagde
han, so vilde han minne um Orde aat den gamle Simeon:
Herre, no late du din Tenar fara i Fred; for Augo mine
hev sétt di Frelse. I desse Ordi laag etter hans Tanke
Kristindomens Ljos; og nett ved denne Kista maatte
det vera oss serleg trøystesamt aa draga oss deim til
Minnes. For her laag ein ung Mann, ein gaaverik
Mann — Presten hadde elles ikkje serskilt kjent honom
—; men for Vénine hans som her var møtte upp til aa
fylgje honom aat den siste Kvila, for deim maatte det
synast so rimelegt aa segja og aa tenkje, at den unge
Mannen var tekin for tidleg burt; at han var vortin
burtkalla fyrr Livsverke hans her paa Jordi var ført til
Endes. Og denne Tanken maatte sjølvsagt gjera
Skilnaden so mykje tyngre og saarare for Vénine hans.
Men me skulde ikkje tenkje so. For so sant som denne
Mannen, lik Simeon, hadde fengi sétt Herrens Frelse,
so sant han, lik Simeon, hadde fengi sjaa og kjenne
Frelsa fraa Bethlehem — so sant som dette var Til-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>