- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 277

Den aahugsfulle Stilla seig yvi oss att smaatt um
Senn; snart stod me rundt Borde og togg tagalle. Eg
undrast noko paa kva det vilde segja i Grunnen: aa
eta i Jesu Namn. Presten Hermansen gjorde ender
og daa Tiltak med kristeleg Moro.

Daa eg var ferdug saag eg paa Klokka. Store Gud!
ho var ikkje fullt seks. Ein forvillande Tanke tok meg:
um dei kunde gjera seg ferduge her paa ein Times
Tid til! med det vigtigaste, um ikkje meir! Teatere
skulde eg naa paa tie, ja um det kneip hardt, paa fem
Minuttar; Herre min Gud, um dei vilde skunde seg! —
Ja for so kunde eg endaa ein Gong tenkje yvi kva eg
skulde gjera. —

Me drog oss ihop att i dei tvo Flokkane; og det kom
ei Takkebøn for Maten. Nordraaks Menuett vakna for
Øyro mine att og tok paa nytt til aa vogge og bylgje.
Eg skimta Maria Stuart kvit og fager; og det lyste Sol
naar ho slo Augo upp, og fall Skugge naar ho slo
deim ned. Og so var det Møte med David Rizzio;
aa! som ho var megtig i si Verjeløyse! Verre enn
Satan maatte dei vera, desse fæle svarte Puritanarar
og Protestantar, som ikkje visste andre Tonar enn
Salmar og ikkje andre Stadir enn Gravir . . .

„. . . Lader os frydes, lader os frydes,
frydes, frydes,

ja lader os fry — — — des,
i Herren! . . ."

jubla Song-Lage; det var eit Bibelord som var sett
Tone paa. Eg kunde ikkje skyna kvi dei skulde syngje
det same upp-att so mange Gongir; det hadde vori
likso vent um det hadde vori stuttare. Likevel vart
dei ferduge; og so kom det ei Togn.

Slutningsbøni? —• vona eg med Tvil i Hugen.
Men Presten Hermansen viste seg paa Talarstolen
og sagde at Orde var fritt. Daa gav eg upp all Von.
Sjølvsagt var det no Festen skulde byrja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free