- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 278

Ungdomane her saag elles ikkje ut som dei visste
noko aa gjera med „Orde". Dei stod og saag
tankelause ut, synleg og tydeleg tankelause. Det var greidt
at korkje han eller han vilde tala, og minst av
alt han.

Det vart drygt noko. Presten Hermansen forsikra
paa nytt at Orde var fritt. Men der var endaa ingin
som tok det.

Daa gjekk Song-lage i Elden att.

„Zions Vægter hæver Røsten:
vaagn op, der blinker Lyn i Østen,
vaagn op, Guds Stad, Jerusalem!"

Tri Vers av denne Salmen vart sungne. So vart det
stilt att.

Hardsett, raadlaust stilt. Gutane forherde seg i
Tankeløysa si, og varde seg mot alle mogelege
Mistankar med aa halde sine Munnar att so tett og fast
som dei kunde. Eg var paa Spanebenken. Berre dei
no heldt ut! So vart der ikkje meir av det; og so
vart me nøydde til aa slutte.

Daa ser eg den vesle gulbleike Skomakaren min snu
seg til Presten Hermansen med nokre kviskrande Ord.
Kva kunde han vilja?

Presten høyrde paa ’n med Brunine lyfte; endeleg
var det som han vann seg yvi; han nikka. Det var
greidt at her var noko i Gjerdom; kva tru det var?

Det skulde eg snart faa Greide paa. Skomakaren
gjekk upp paa Stolen; Skomakaren vilde tala. Daa
svor eg at eg aldri skulde lappe Skorne mine hjaa den
Mannen meir.

Skomakaren stod eit Bil og tagde, med Augo
nedslegne; han bad vel um Naade til aa finne dei rette
Ordi. Aa, so toskut som han saag ut. Eg skulde
endaa lappe Skorne mine hjaa ’n um han vilde vera
stutt. Og kvi skulde han ikkje vera stutt. Slik ei
Skomakarsjæl kunde daa ikkje hava mykje aa segja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0286.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free