Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 279
Nei; det var ikkje stort han hadde aa segja. Hm.
Men daa ingin av deim som hadde større Naadegavur
til aa tala enn han, — naar ingin av deim tok Orde,
so vilde han i sitt Einfelde faa Lov til aa framføre —;
ja i Grunnen vilde han berre fortelja ein litin Ting.
Det var ei liti Røynsle, kunde han segja; og han vilde
ikkje skjemmast for aa føre ho fram; for um det kunde
synast lite og taapelegt for den vise Verdi, so kunde
det hende at einkvan av dei kjære Vénine her kunde
koma i same Anfektelsen, og daa kunde dette som han
no vilde segja, verte deim til Trøyst eller — ja han
kunde gjerne segja Trøyst. Hm. Ja for det var ikkje
anna enn ein Djevelens Anfektelse. Det var ikkje
anna. Hm. Heile den siste Viko, men mest om
Torsdagen og Fredagen, ja kannhende det var aira verst
no um Fredagen, — ja det var Djevelen som hadde
forfylgt ’n med den Freistingi, at heile dette Stelle
med dettane-herre Ungdoms-lage, og med Song-lage,
ja det var helst Song-lage, — det var berre i Grunnen
noko verdslegt Væsen som drog burt ifraa Gud, i
Staden for aa draga til Gud. For her sysla me ikkje
berre med det som der stend um, at berre eitt er
fornøden ; men me bekymra oss ogso um mange Ting.
Me heldt Avisur, som inneheldt mange Slags
Beret-telser, og me hadde Bøkar i Bibliotheke som kanskje
nemnde Guds Namn og kanskje ikkje. Der var og
mange Foredrag her, som handla baade um det eine
og det andre; Reiseskildringar og dilikt; og me song
verdslege Songar som kanskje helst kunde uppmuntre
til aa elske Verdi og dei Ting som er i Verdi, so at
Guds Vilje ikkje fekk Framgang i oss. Hm. Ja. Han
hadde vori reint svært mødd av desse Tankane. Ja
han hadde vori freista so svært, og so hardt, at reint
ut sagt —; ja no um Fredagen hadde han beintfram
tenkt paa aa segja fraa seg baade Song-lage og alt
saman. Men daa det vart paa det aira verste no um
Fredagen, so hadde han gjort som han sedvanleg gjorde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>