- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
280

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 280

i slike Tilfelde. Han hadde gjengi inn i sitt
Sovekammers og bedi til Gud, regtigt inderleg bedi til Gud
um aa taka denne Freistingi fraa han, so han kunde
vita kva han skulde gjera og ikkje gjera i denne Sak.
Og daa hadde han vorti hjelpt; Herren hadde vori so
naadig at Skomakaren slapp ut av Anfektelsen. So at
um Laurdagen, ja i Gaar ja, var han mykje betre, og
i Dagmorgo reint bra. Og i Dag hadde han gjengi til
si Gjerning i dette Lage med Fred i sitt Hjarta og
med Takk til Gud, ja regtigt inderleg med Takk til
Gud, som ved sin Naade hadde upplati Augo hans i
denne Saki; og dette var det han no hadde vilja føre
fram; hm; han hadde tenkt at det kunde ... ja det var
no berre domt av honom, her, der det var so mange
Ordets Mænd, ja Ordets Mænd vilde han segja . . . .

Skomakaren gjekk seg fast i Talemaatar og
Orsakingar, men berga seg til sist inn i ei Bøn, som likevel
vart reint stutt. For han kunde ikkje finne paa meir
enn tvo Ting aa beda um, og dei var det bedi um
fyrr: at me maatte lære aa vedkjennast kor syndige
me var, og at Herren vilde vara dei unge mot den
store Byen med dei mange Freistingar og Faarar. So
gjekk han ned og lét Song-lage røyste i med „Jesus
din søde Forening at smage". Det vilde ikkje rett
klinge denne Gongen, totte eg; Songarane var visst
eit Grand brydde.

Det regnde ikkje lenger. Solglansen tok til aa vinne
seg inn gjenom Glasi att i høge smale Strimur, der
gullblank Dumbe strøymde og dreiv; no maatte det
vera herlegt ute. —- Kva Slag? Ikkje meir enn halv
sju? Kannhende dei endaa kunde bli ferduge?

Presten kom upp og spurde um det var fleire som
hadde noko aa bera fram; eg stod som paa Glødar.
„Ver so god!" lokka han venlegt og blidt. „De bør
ikkje vera bljuge! Skulde det ikkje vera ein i denne
Forsamlingi som hadde eit Ord aa segja oss? -— ei
Vedkjenning, ei Uppkveikjing . . . eller gjerne eitkvart

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free