Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 281
anna? noko um Guds Gaavur og Gjerningar i det
timelege, i det verdslege?"
Eg ynskte ’n godt og vel ute. Men Gud vere Lov:
der var ikkje ein i denne Samlingi som hadde eit Ord
aa segja oss.
Daa tok han Orde sjølv.
Han totte visst at ei Framføring av noko meir
verdslegt no kunde høve, og tok til aa fortelja um
Tilstandi i London. London var ein stor By, den med;
og Freistingane og Faarane var mykje større der enn
i Kristiania. Men so var det daa og der ved Guds
Naade eit Frelse- og Bergingsarbeid i Gang som me
ikkje kunde nok undre oss yvi. Allstad der Satan
hadde sine Tempel, der hadde og Herren sine Kapell;
ja Guds Ord vart bödi fram paa dei utrulegaste Stadir
og paa dei utrulegaste Maatar . . .
Eg stod med Klokka i Handi; eg talde Minuttane;
gjev han no snart kom til Slutnadbøni; for sjølvsagt
skulde me hava ein Salme der-etter att; og eg turvte,
i Aalvors Tale, minst tie Minuttar.
Men Presten Hermansen slutta utan noko vidare
Bøn. Og det var det same som at me skulde hava
Sluttbøn serskilt.
Eg freista paa aa vone at denne Bøni vilde bli stutt.
Men so viste det seg, at det var Emissær Bølle som
no skulde tala.
Emissær Bølle var ein kraftfull storbygd Skapnad
med eit svært brunt Skjegg; han skulde hava svære
Talegaavur au, dessverre.
„Etter som Tidi alt er heller langt framskridi," tok
Bølle i med veikt Mæle, „so vil me no til Slutning
samle oss i ei kort Bøn."
Ja det er lett aa lova, tenkte eg arg; det var att
berre tie Minuttar. Eller kannhende tolv; i det aira
høgste trettan . . .
Aldri i Verdi vart han ferdug paa tri—fire Minuttar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>