Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FJELL-LUFT
301
nede, i djupare Lidir, göl Gauken ender og daa; det
høyrdest gjenom Vindsusen døyvt men klaart, rolegt
og vedkjømelegt som Klokke-Ringjing fraa ei duld
Skogkyrkje.
Men Vinden stiina snart. Klokka tolv laag me
attmed ein Bekk og koka Kaffi; daa var alt kyrrt.
Berre ein Fjellfugl, me kunde ha skræmt upp, peip
inn-etter Myrane einkvarstad, eller ned i Bjørkelidi,
som no gav seg etter. Inn-i-millom høyrdest veik,
kvervande Bjølleringling; Øykir visst. Der var ingi
Regnskyir i Sud lenger, berre ein letnande graalegblaa
Dis, skuggemjukt sveipt um dei inste Fjelli. I Nord
ljosna lengst nede ei døyvd Broncerand;
„Midnatt-soli," nikka Olaguten.
Me vart meir og meir faamælte. Det vart slik
Høgd og Helg yvi alt. Æventyr. Ikkje Natt; berre
døyvd Dag. Trolldag, Tussedag; eit Ljos som i
Draumane, der ein korkje ser Sol eller Maane. No
kunde ein Jutul stige sine Sjumil-Stig burtetter alle
Fjell, og kverve som ein Skugge langt, langt ut i
Rundom.
Som me sat der med Kaffi-Doktaren og ei Snadde
karva Bladtobak, som var so god imot Myhanken og
alt anna nærsøki og eltesamt Fly, var det med ein
Gong liksom det gjekk eit Toneskifte gjenom Lufti.
Me kjende det meir enn saag det; baae tvo skygnde
me oss ikring; samstundes vakna det same Orde paa
tvo Munnar: „Dagen?" Og eg trur me kjende, baae
tvo, noko som ei Vakning i oss sjølve, ei Um-Stilling
i Nerve Samspele, ein Ljos-Pust gjenom Blode. Me
liksom vakna; flaug upp og sløkkte Varmen og drog i
Veg att.
Ei Stund etter gjekk eg og undrast paa, um eg ikkje
likevel hadde sovi. Ein litin Blunder? Um ikkje med
Augo so med Heilen? — Det kom liksom so langt
burt, alt det eg hadde gjort og tenkt og sétt og sagt
fyrr i Kveld. Det vart so lengi sidan. So burt-i ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>