Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FJELL-LUFT
307
Eller laag og sov. Stundom fekk han det med det at
han totte kje det var verdt aa stande upp att. „Dei
kjem no full’ snart med denna Baaten, veit eg," sa
han. „Kva for ein Baat?" spurde dei. „Aa, denna
Koppen," sa han. — „Koppen?" — „So eg kann faa
koma aat Jordi eg au ein Gong." — „Er det Kista du
meiner?" kunde dei spyrja. „Ja er det kje det eg
segjer daa?" svara Gamlingen.
Nei; han hadde nok ikkje vori rædd aa døy. Det
var heller som han stunda etter det; han totte vel han
hadde stræva nok for sin Part. So var det ein Dag;
ho Barbro hadde nett vori inne med Dugurd. Daa ho
kom inn att hadde han lagt seg paa Sengi; der laag
han no og stunde so smaatt, og bad Gud hjelpe seg.
Noko lenger utpaa Dagen misste han Mæle. Sidan
sov han nok helst, so vidt dei kunde sjaa. Um Natti
vakte dei yvi ’n. Daa det leid til Morgons att, saag
dei at han var slokna.
„So skal eit Menneskje døy," meinte Olaguten.
Det var han som hadde spurt ut heile Sogo, smaatt
um Senn, skiftevis med alle dei mange Spursmaali han
sjølv fekk, ikkje minst um Vere og Vinna, og koss det
stod paa Jordi der me hadde fari; ja og so um kva me
var for Folk, og kva me for etter. Folke fann ikkje
noko merkelegt i at denne Mannen var daain; det var
ein so beintfram og rimeleg Ting, at det liksom ikkje
var noko serskilt aa tala um.
Me var inne og saag Like. Vent og rolegt laag det
i sine Lakan som eit Bilæte av Voks, med ei Panne
so høg og eit Andlits-Lag so reint som det skulde vori
Like etter ein Konge.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>