- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
315

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HEIDANE

315

— Nei; eg turvte nok ikkje tala um Steinrøys! Her
var god Jord her uppi Bergskortune. Mykje betre og
finare Jord enn alt dette Aurgruse ned paa Jæren.
Berre slike Bær som her voks! Tyting og Blaabær
so store og saftige at dei braana paa Tunga; dei hadde
kje Maken nokon Stad. Og so alt dette velsigna gode
Beite. Kor skulde det gaa med all Jærbu-Tasen, um
han ikkje fekk koma her upp i Fjelli um Sumrane og
friske seg upp og faa Hold paa seg? Han fekk
Vats-poken kvar ein. Her paa Mjaaland hadde dei og
Jær-Smale i Beite um Sumaren; og han treivst so ein kunde
sjaa Viku Mun. Og mang ein blank Speisi-Dalar hadde
han Per teki inn for den til Skattar og Avgiftir. Ja
den velsigna Smalen. Han gav oss baade Klæde og
Mat; og det var mykje den dei livde av baade ut og
nord og upp og ned. Men det kunde me takke
Fjell-beiti fyri. Jamenn skulde det vera løgi aa vita kor
mange Smölög det kunde vera som beitte Aar um anna
upp gjenom alle Heidane her, fraa Synesvarden til
Sirdal, og sidan Høgheidane ovan-um der att, alt til upp
imot Sætisdal. Eg kjende vel han Lars Haaland ? —
Nei jaso? Og endaa var eg skyld med ’n, um ho ikkje
mishugsa seg; — paa Mör-Sida. Ja; han laag der uppe
og gjætte no i Aar, høgast upp i Høgheidane, ovan-um
Kvin’a. Kom eg dit paa denne galne Forvitnad-ferdi
mi, so kannhende eg raaka ’n; og daa skulde eg spyrja ’n
um dette; han visste det. —

Matstellt og utkvild sagde eg Farvel og gjekk. Den
gamle Kona fylgde ut og synte meg Veg og Leid; ho
var lett paa Foten som ein Ungdom. Me skildest som
me skulde vori Mor og Son. „Ja no maa du fara vel
og sjaa deg fyri. Og skulde me ikkje sjaast meir i
denne Verdi, so gjev at me maa finnast att paa den
Staden som betre er!"

Ho sagde desse Kvardags Ordi so vent, at eg kjende
Augo mine doggast og skunda meg i Vegen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0323.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free