- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
316

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

316

I HEIDANE

II.

Eg hev baska meg fram gjenom bygt og ubygt, etter
Vegar og veglaust, med og utan Fylgje, til dess eg er
komin inn paa ein av Driftevegane aat Høgheidi. Eg
hev fengi Hug til aa raake ’n Lars. Det maa vera
rart aa liggje der upp i Høgheidane og gjæte. Han
skal fortelja meg um det.

Mykje gildt Fjell hev eg sétt; og den eine Dagen
blankare enn den andre gjeng eg her og gled meg i
desse Lyngdalar og Bergskoltar som aldri nokon Gong
kjem inn i Turistbøkane, og som eg daa kann faa hava
i Fred, — eg og dei tvo-tri andre Skrullingane som
skynar slike Fjell og likar den store Stilla. Gud have
Takk; Norig er rikt. Um Engelsmann og Byfant tek
fraa oss Hardang og Jøtunheimen, so hev Norig endaa
nok att aat oss Smaafolk og Poetar. Stort, stort er
dette herlege Land. Det er berre i Byane at Norig
er lite.

Godt Folk hev eg raaka kvar eg kom, eit modigt
seigt Folk som fær det til aa vekse i Fjellsprunga og
klagar mindre enn vanlegt er jamvel paa Stadir der
det er lettare aa liva. Meir og meir maa eg like desse
Folk; og mindre og mindre bryr eg meg um „Framgangen".
Framgang, det er no au eit Ord. Kannhende er det
med den som med so mykje anna, at det ein vinn
framme ein misser bak. At Folk er fornøgde og greider
seg, det veit me er godt; naar alt kjem ihop, so er
det vel det som det gjeld um.

— Eg er paa Nedgang til Sirdalen, den vestlengste
av desse norske Elvedalane som ikkje er anna enn
gamle Aa-far, utgravne i Fjelle med Skuring og Sliping
av Is og Sprengjing med Frost og Sliting og Skyljing
av Vatn og Grus gjenom Aarmillionar, til dess Sopp
og Mose fekk Feste paa ei Sand-øyr her og der, og i
Leir-veltur millom nedramla Berg, og førde der sin
seige Strid med alle brakande og brultande Trollmagtir;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0324.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free