Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
5 FERDABREV
— Endeleg sat eg i Vogni. Ho rulla nedyvi
Boulevard Hausmann so roleg som det ikkje skulde finnast
Hastverk i Verdi; men eg saag paa Klokka. Det var
att tie Minuttar. Til Nordbanen var det ein Tur paa
ein halv Times Tid, tenkjer eg. Allez! allez! skreik
eg til Kusken; men eg visste det nytta ikkje. Eg
gjorde meg som ei halv Von um at Klokka mi kunde
vera for snar; men det plar det Kulturprodukte aldri
vera; daa er ho heller for sein; alt Fe er sin Herre
likt, maa tru. Nei; sidst-paa fekk eg sjaa ei Byklokke
som kunde segja meg Sanningi; Tidi var ute. I denne
same blanke Minutten gjekk Træne til Antverpen.
Eg naadde fram til Stasjonen ikring ti Minuttar for
seint. So var det ikkje anna aa gjera enn aa drygje
til Kvelds daa. Eg sette Tye fraa meg paa eit
Vertshus tett ved Stasjonen; slo paa meg noko tyskt 01
som smaka rasande godt etter alt Mase; dreiv so ned
gjenom Gatune; vilde sjaa paa Paris endaa ein Gong,
og so faa meg noko til „Middag".
Og som eg gjekk der og dreiv Lauskar kom eg i
Godlag att. Eg var ferdug med Paris. Alt var
avgjort og greidt; no kunde eg taka det maklegt. So
tok eg det maklegt; eg kveikte Snadda og totte Verdi
var slett ikkje so verst vrang.
Alle mine Kjenningar trudde meg langt fraa Paris
no; ingin hadde ein Draum um kvar eg vanka. Og
naar ein skulde sjaa rett paa Tingen, so var eg reist.
Eg gjekk berre her og spøkte; hadde ingin Ting med
Paris aa gjera; det galdt berre aa passe paa, naar
„Hanen gol", og so kverve burt so fort som Raad var.
For siste Gongen dreiv eg nedyvi den store
Boulevarden ; og fager var han, so han aldri hadde synst
meg fagrare.
Det er rart med det som ein fær soleis attpaa; ein
er meir takksam for det. Elles saag Boulevarden
visst ut som vanleg. Det var dei same endelause
Straumar av Folk under dei same endelause Lauv-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>