Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
FERDABREV
gangar, og det same endelause Elvedrag av Vognir og
Hestar som strøymde paa med kvæv, roleg Rulling
yvi den glatte Asfaltbrui; og so var det dei store
Buine med all den Glans og Rikdom, og Kaffistogune med
Speglar og Forgylling og hundrad Gjester under grønt
Lauv, og so Avisgutane som skvatt ikring og ropa og
ropa kvar du snudde deg og kvar du kom: les
fune-railles de Victor Hugo! Voilå la fotographie de Victor
Hugo! Voilå le testament de Victor Hugo! og
Avis-buine som var tekte med Bilæte av Victor Hugo, den
gamle og den unge, den livande og den daude ; Byen
var full av Victor Hugo, for den Viko daa visst.
Ved Seks-Tidi smøygde eg meg ned Richelieugata;
der var slik ein god Mat-stad. Og billeg: 6 Rettir
Mat og Va Flaske god Vin for 2Vs Frank (Kr. 1,80).
Der sat eg inni ein Hage og aat (og slo sund ein
Kopp som eg maatte betala). Sidan upp paa
Boulevarden og drakk Kaffi; so ein Cigar; og so upp-aa
Take av ein Omnibus; daa totte eg mest eg hadde
det so godt som det lét seg gjera aa faa det i Verdi.—
— Klokka 10,45 drog eg fraa Paris.
Naar ein Nordmann er ute og ferdast tenkjer han
som so: du finn alltid ein Baat som gjeng til Kristiania.
Men det finn han slett-ikkje alltid.
Millom Håvre og Kristiania kunde ein koma ein
Gong fjortande-kvar Dag, og millom Antverpen og
Kristiania likso sjeldan. Men no var det so vel steilt
og sløgt uttenkt, at dei tvo Baatane gjekk nokorlunde
samstundes. Den eine Viko gjekk det daa tvo Baatar
millom Kristiania og den Kanten av Fastlande; den
andre Viko gjekk det ingin. Og so kunde ein ikkje
lite paa at Baatane gjekk etter Ruta heller.
Eg kom til Antverpen den 3die Juni. Men der var
ingin Baat. Det var ein som skulde ha gjengi den
28de Mai, men som eg visste ikkje hadde vori der
daa; den tenkte eg kunde vera komin. Men nei. Det
funerailles: Likferd.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>