Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
7 FERDABREV
gjekk ikkje Baat herifraa til Kristiania fyrr den lite
Juni. So lengi var det ikkje Tanke um aa drygje; eg
fekk draga til Amsterdam, og det strakst. Med
Ant-verpen-Utstellingi fekk det vera som det kunde; eg
fekk kikke paa „Konsta" og dermed vera fornøgd. Eg
hadde tapt ein Dag i Paris; den galdt det aa spara
inn att.
Nei; so fekk eg vita at det gjekk ikkje Baat fraa
Amsterdam fyrr um Laurdagen. Laurdags Kvelden
den 6te Juni. Kva kunde det so nytte aa haste? Eg
kunde likso godt liggje her som i Amsterdam.
Det gjorde eg daa. Dei fekk segja kva dei vilde
der heime; eg kunde ikkje stiga lenger enn eg var
klovin kor som var. Taka Jarnvegen upp gjenom
Danmark hadde eg ikkje Raad til; og ikkje vilde eg heller,
so varmt som det no var.
Ja for du kann tru det var varmt. Kom ein ut
paa Gata, so laag Soli yvi Nakke og Akslir med ei
Steikjing og Gløding so ein knapt kunde halde seg
uppe. Eg gjekk og drog etter Anden som ein Fisk
paa Land; eg drakk Isvatn av alle Slag og undrast
paa um eg ikkje snart fekk Solstyng. Uppi
Utstel-lingi var det verst. Eg sveita som ein Sil og kunde
knapt halde uppe Augo.
Norig hadde fengi ein god Plass i Kunst-Deildi; og
dei som forstod seg paa det sagde at det svara Plassen
sin rett godt. Eg for min Part totte det var fint og
gildt mest alt ihop; det var Bilsete paa Bilæte med
norsk Natur og norskt Liv, ærlegt framsynt og friskt
og modigt. Men naar ein hadde sett paa Kunsten fraa
andre Land og sidan kom inn-til den norske att, daa
saag ein at Norig er eit fatigt Land. Alle Bilæte var
so smaae; so knapt tilskorne; so knipne. Maalarane
vaare hev nok ikkje Raad til aa maala paa store Dukar;
dei maa knipe sine Synir inn paa smaae Rom; for
Duken er dyr, og Raama er dyr; og det er ingin her
heime som kauper dyre Bilæte.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>