Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8
FERDABREV
Takke til at dei kauper naar Prisen er laag. Dei
fleste gjeng nok berre ned paa „Maleriauksjonen" og
kauper seg eit Stykke Skog eller Sjø for 20 Kronur
eller so. Um det er god eller laak Kunst, det kann
vera ytt som bytt for den norske Intelligensen; det
eiden store forgyllte Raama som er Hovudsaki; den
fyller so godt paa Veggen, maa tru.
Og so kann ein gaa ned til Vollmann og faa seg ei
Athene i Gips til Skriveborde og Kronprinsen og
Kronprinsessa i Terrakotta for 5 Kr. Stykke til aa setja paa
Piedestallen eller Hyrnehylla. Dermed hev den
upp-lyste Del av Nasjonen so mykje Kunst som den treng.
Og „Folket" ....
Av Skulpturarbeid var der tvo i den norske Deildi.
Og dei var ikkje store. Dei var ikkje større enn det
kunde vera Von um at Nasjonalgallerie eller
Kunstsamlage kunde hava Raad til aa kaupe deim. Det eine
av desse Bilætverki var Skeibroks „Træt". Naar ein
ser paa denne stakkars Gjentungen som sit der og heng
yvi den kvasse Stoleryggen so uttrøytt og arm at ho
ikkje kann halde Augo uppe lenger, so ser ein
korleis Folke hev det. Det er det jamne seige Slit for
aa liva og slaa seg igjenom; stort meir vert det ikkje.
Modige Maurar dei som ofrar seg for Kunsten i dette
Land! stor Takk kann dei ikkje vente. For dei fleste
vert det Gjeld og Sveltihel; og so er det kanske
hundrad Mann i Lande som bryr seg um det dei gjer,
og — skal me segja tie? — som forstend det.
Eg gjekk der inne i den lumrande Varmen til dess
det tok til aa svimre for meg; søkte so ut. Um
Kvelden var eg paa „Skala" og „Eden" og andre slike
Kvilestadir; glodde paa Linedansarar og høyrde paa
Visesongarar og svala min Torste med tyskt 01. Eg
var aaleine og lika meg so midt i Lag; og paa slike
Stadir skulde ein kunna raake Nordmennar. Ja;
norsk-danskt høyrde eg baade her og der. Men eg saag
ingin som eg kjende.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>