Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
13 FERDABREV
av. „Amsterdam," sa eg og viste fram Billetten. Jau;
so var det rett nok med Toge. Det skulde gaa 8,14.
Den eine sagde det paa Tyskt og den andre paa
Franskt, so det var visst nok. Men so vilde dei hava
noko meir Greide paa denne Billetten. Kor kunde eg
ha fengi Billett no til eit Tog som ikkje gjekk fyrr
Klokka 8,14? Det kunde eg ikkje klara korkje paa
Tyskt eller Franskt. „Kva er det for eit Maal De
kann daa?" spurde den eine. „Nor—nor—norwegisch,"
sagde eg. „Jaso. Ikkje noko anna? Jau; „un peu
allemande", meinte eg. Dei stod og glodde paa
kvarandre so rart; n-nei-nei, ein wenig allemande," retta
eg meg; det er det verste Maalstræv eg hev vori uppi
i mine Dagar. Banemennane hadde haldi seg
aalvor-same heile Tidi; men no gav dei seg yvi. Dei lo
so dei stod tvikrokute. Det var ikkje hugsamt for
meg; men til Slutt kom eg au paa Laatten. Og so
vart me gode Venir. Eg fekk ei Paaskrift paa Billetten
um, at han skulde gjelde til Kveldtoge; dermed gjekk
eg ut og fekk min „Demi". Det svala godt. Klokka
8,14 gjekk Toge. Eg var med.
— Me var komne ind i Holland eit Stykke. Daa
eg der viste fram Billetten, gav Konduktøren seg til
aa snakke noko paa Hollandskt. Kva det var for noko
hadde eg ingin Draum um; men at der var eitkvart
som ikkje var som det skulde vera skyna eg. Han
slutta med eit Ord som heitte „Laye". Eg riste paa
Hovude og sagde „comprend pas" (forstend ikkje). So
gjekk han.
Ein stor Hollending som sat i Kraai rett imot meg
gav seg like eins til aa greide ut for meg um, at ikkje
alt var som det burde vera. Og han sagde likeeins
„Laye". „Laye, qu’est-ce que c’cest," sagde eg.
Hol-lendingen gav seg til aa prata paa nytt; og so lengi
heldt han paa, til dess eg ein Gong til sagde
„comprend pas". „Aa, han sprekker frensch," sagde
Hol-lendingane til kvarandre. Daa dei var komne under
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>