- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

FERDABREV

Fund med det lét dei meg vera. So sat eg daa der
og undrast; kva i Verdi var „Laye" for Slag? Og
kva tru det var som var gali? Det hollandske Maal
var eit barbariskt Maal. „Laye"?

Naa; i Grunnen kom ikkje den Greida meg ved.
Eg hadde min Billett; Konduktøren i Antverpen hadde
vist meg inn paa Toge; og no fekk dei vera so gode
aa skaffe meg fram. Det var ein annan Ting som
uroa meg meir. Dei hadde funni ut at eg tala Franskt;
seg no at dei sende paa meg ein Konduktør eller
Stasjonsmeistar, som kunde Franskt? Kvar skulde
eg daa gjera av meg?

Som Lukka var fanst det nok ingin paa den Vegen
som hadde Mod til aa vaage seg i Kast med ein
Franskmann. Eg vart tryggare og tryggare di lenger
det leid. Og dette andre, det som ikkje var som det
skulde, — naar det kom til Stykke galdt det vel i det
høgste ei Togskifting.

— Ja visst; det var det eg kunde tenkje. I
Rotterdam trur eg det var, kom Konduktøren og ropa meg
ut; styrde meg so inn paa eit anna Tog; dermed
tenkte eg Bikkja var berga.

Me køyrde og køyrde; Lande var trillande flatt;
sume Tider var det visst berre kiaare Vatne. Men
Natti var myrk; eg kunde so lite skilja.

Klokka kunde vera halv eitt. So stanar Toge. Alle
Mann ut. „Layde!" skreik Konduktøren. „Laye?"
tenkte eg og vart rædd att. Fekk Tye med meg og
kom ut. Der raakar eg Stasjonsmeistaren.
„Amsterdam?" sagde eg. „Nei, Leiden," sagde han. Aah,
Leiden . . . „Gjeng ikkje dette Toge til Amsterdam?"
spurde eg. „Nei, det gjeng ikkje lenger."

No forstod eg alt. Aa dei Utangane der burti
Antverpen.

Men eg fekk vera der eg var. Og Stasjonsmeistaren
var ein greid Kar; han gav meg ein Mann med til aa
berge meg i Hus. Klokka var burtimot eitt; heile

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free