Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
15 FERDABREV
Leiden sov. Lengi, lengi vanka me ikring, yvi Bruir
og frametter Kanalar; ringde paa og ringde paa, men
fekk ingin upp; høyrde paa Klokkespele i Kyrkjetorni;
raaka endeleg ein Vektar som kunde rettleide oss;
fann til siste Slutt eit Hotel der Folk var uppe. Tvo
digre Leidensarar sat enno med Toddyen sin ved eit
Bord utanfor Døri og drakk. Der fekk eg Hus. Og
der sov eg som eg skulde vori heime.
Dei som trur at eg aldri kann koma upp um
Morgonen mistek seg; Klokka halv seks var eg paa Føtane.
Og Klokka burtimot sju gjekk Toge, med meg umbord.
Og no fekk eg so fin ein Tur i Morgonluft og
Morgonsol gjenom det feite flate Holland, at eg reint ut var
glad for at alt hadde gjengi so skakkstyrt.
Og um ein god Time skulde eg vera umbord.
Daa me kom fram fekk eg fat i ein Berar; eg skulde
til det norwegische Dampfschiff, sa eg. „All right!"
svara han.
Me rusla burt gjenom Amsterdam. Ein forunderleg
By. So gamaldags og hollandsk og velstellt og
borgarleg. Og so rart bygd. Alle Hus i denne eine
same gamle trauste hollandske Stilen. Og Hus ved
Hus so tett dei kunde staa; med dei smale Brjosti til
Gata; stengde og aalvorsame; og øvst uppe høge
avrunde Gavlar liksom Kronur. Kanalar gjekk i Kross
og Krok gjenom Byen kvar ein saag, med lange Radir
av Lauvtre paa baae Sidur. Gata var trong mest all
Stad. Men der var Liv paa denne Gata. Det var ein
jamn Stim av rolege, store, støde Folk som hadde sine
Forretningar, og som saag ut til aa hava det berre
godt. Eg lika Byen betre og betre for kvart Stig eg
gjekk; det var ein By for seg sjølv, dette, noko reint
anna enn Antverpen, som for det meste berre er ei
flat og lite forvitneleg Herming etter Paris.
Beraren min var ein snild Gut som gjerne vilde
drøse. Daa han fekk vita, at eg var fraa Norig gav
han seg til aa snakke norskt. Han hadde vori til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>