- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
16

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16

FERDABREV

Sjøs og fari mykje med norske Skutur, sa han. Og
ymse Ting hadde han Greide paa, ikkje minst paa
den norske Baaten; den gjekk her fraa Byen i
Ettermiddag, sa han. Det var greidt: eg var berga.

Eg kunde segja Utlandi Farvel. Det hadde eg baade
Hug til og ikkje. Men det var daa visst paa Tidi at
eg kom heim. Dei Timane som var att til i
Ettermiddag kunde eg bruka til aa umsjaa meg i
Amsterdam; so hadde eg endaa noko aa gleda meg til.
Har-melegt var det at eg hadde so lite Pengar. Men eg
fekk betala for meg umbord naar eg kom til Kristiania.

Baaten laag ikkje ved Bryggja; hadde vel lagt seg
ut paa Hamni. So gjekk me til Ekspedisjonen. Eit
gamalt hollandskt Hus; Brjoste til Gata; den høge
Gavlen øvst uppe som ei Krone; gamaldags Vindaugo
til aa draga upp; skinande kvite Gardin; Velstand,
Velstand fraa Grunnmur til Møne. Inngang som til
ein Kjellar; so upp ei breid bratt myrk Tropp; og so
var me paa Kantore. Eit stort, rart, myrkt Kantor;
laagt under Take; uvandt Stell; grunnmura, gamalt;
Velstand! Eg spurde kvar han laag, den norske Baaten.
Dertil svara dei at den norske Baaten var gjengin.
Gjengin?! Ja. Gjekk i Natt; noko fortidleg. Gjekk
elles alltid um Laurdagen. Det var berre denne eine
Gongen; eit reint Vinglehøve; skulde i Turrdokk.
Næste Baaten Laurdag komande; i Dag aatte Dagar.

Mange Takk.

Der stod eg. —

— Naa; so fekk ein sjaa aa koma til Hamborg daa.
Derifraa gjekk Baat i Morgo. Men Pengar? Eg hadde
i hollandsk Mynt millom 22 og 23 Gylden; meir aatte
eg ikkje. Og det kom eg visst ikkje langt med.

„Naar gjeng Toge til Hamborg?" spurde eg Beraren
min, daa me var komne ut paa Gata.

„Kva er Klokka?" spurde han. „Strakst halv ni,"
svara eg.

„Ja so gjeng det no," sa han. Me kom fram paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free