Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
17 FERDABREV
ein Stad der Gata svinga, so me kunde sjaa fram til
Stasjonen; „all right," sagde Beraren og nikka; „der
gjeng det."
Eg saag det nok. Men all right var det ikkje!
„Naar gjeng næste Tog?" spurde eg. „I
Ettermiddag Kl. 5,40." „Ikkje fyrr?" „Nei." „Er De
stød paa det?" Ja det var han stød paa.
Eg trudde det ikkje likevel. Eg fekk han til aa
fylgje meg paa eit „skandinavisk Hotel"; og der fekk
eg fat i Bladi. Jau. Fyren hadde nok Rett. Det
gjekk ikkje Tog fyrr i Ettermiddag.
Og det var eit Snartog. Det var det same som at
eg ikkje kunde faa Billett til 3die Klasse, men maatte
taka 2dre. Eg spurde kor mykje ein slik Billett kosta.
Aa, ei 17—18 Gylden.
Dette vilde eg ikkje tru. Eg gjekk uppaa Stasjonen
og høyrde etter der. Daa fekk eg vita at Billetten til
Hamborg vilde koste meg 227a Gylden.
Det var alt det eg aatte og hadde. Til Hamborg
vilde eg koma heilt-upp Fant.
Og eg var svoltin. I Leiden hadde eg drukki Kaffi
med Kjeks eller slikt; no laut eg hava eikvart som
der var Mat i.
Eg fekk telegrafere. Telegrafere etter ei
Telegraf-Tilvisning paa ein Bank her. Men det var nok meir
enn uvisst um eg kunde faa Svar so snart som til
Klokka 2. Og etter 2 var Bankane stengde.
So fanst det berre ei Raad. Eg fekk gaa til
Konsulen.
Det var leidt; men her var ikkje anna aa gjera.
Hjaa Konsulen kunde ein faa laane Pengar naar det
kneip hardt, og naar ein hadde sine Brevskapar i Orden ;
og no kneipt det hardt. Og eg hadde mine
Brevskapar i Orden.
So drog eg paa Byen og leita upp det norske
Kon-sulate. Eg fann det langt um lengi; — „Svenska
och norska Konsulatet", stod der paa Dørskilte.
2 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>