- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
18

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

FERDABREV

Kantore var ikkje so stort som eg hadde tenkt.
Innanfor Døri var det sett upp ein Disk som gjekk
tvert yvi Rome; ved den stod det ein svartklædd bleik
Mann og ekspedera eit Par Skipskapteinar. Lite lenger
inne var det ein Vegg med ein Glugg i; gjenom
den Gluggen saag eg ein Mann som sat innanfyri ved
ein Pult og skreiv.

Den svartklædde ved Disken tog seg god Tid. Han
stod og strika og skreiv i ein Protokol og smaasnakka
innimillom; saag ut til aa vilja gjera Arbeide sitt vel.
Naa; Konsulen er vel der inn-ved Pulten, tenkte eg
og vilde gaa inn. Daa sagde den svartklædde med
høg Ro: „ver so god; bli der. Saa skal jeg hjelpe
Dem." Hm! so det var Konsulen? Det hadde eg
ikkje tenkt. Naa; men eit Grand høfleg kunde han
gjerne vera; eg lika ikkje Fyren.

Han lét meg staa der ei Stund; so bad han meg
taka Sess. Eg saag meg ikring. Burte ved Glase
stod det ein litin Stol og kraup i Kraa; dit burt gjekk
eg og sette meg.

Um ei Stund hadde eg og funni ut at det var stuslegt
her. Eg var svoltin og svevnug og lite i Lag; so
snart eg var ferdug med Konsulen vilde eg ut og faa
meg Mat; og so burtpaa Hotelle og sova.

— Jaso; so det var soleis, svenska och norska
konsulen saag ut. Ein verdig Mann. So verdig at
Helvti kunde vera for mykje. Fælt ulik alle franske
Embættsfolk eg hadde sétt. Eit breidt, litegrand skeivt
Andlit, so bleikt at det skar i blaatt. Ein breid mager
Munn; Skjegg etter Keisar Wilhelms Maate, men
kolsvart og smaakrullut og liksom klint tett inn til Skinne.
Eit langt skeivt Snyteskaft. Sant og segja saag han
ut som ein tysk Jøde.

Naa; han fekk sjaa ut som han vilde; naar alt kom
ihop var det visst ein snild Mann. Han gjorde seg
svært fyri med desse Kapteinane. Strika og strika og
skreiv og skreiv; rødde inn-imillom, venlegt og hyggje-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free