Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
19 FERDABREV
legt, verdig som ein Far, med endelaust Tolmod. Rett
som det var kom det inn ein litin Gjentunge. 12—13
Aar visst; armt men reinsleg klædd; vakker og bljug;
henne gav han Pengar. Det var Dotter av ei
Fatik-enkje som han hadde teki seg av, sagde han; det var
so smaatt for deim, stakkar. Eg vart burtimot kløkkt.
Og slik ein Mand kunde eg sitja her og vera arg paa!
Naa; mot meg hadde han ikkje vori vidare høfleg.
Men eg saag daa ikkje noko vidare fjong ut heller, eg.
Ja-ja; men eg hadde daa rein Halskrage. Og
ny-raka var eg; og Fillejakka mi hadde eg kosta det
beste eg kunde. Haandkragane var ikkje nytta meir
enn ein Gong fyrr; og Styvlane var so blanke at ein
kunde spegle seg i deim. Det hadde visst mang ein
Mann sétt verre ut, naar han kom paa eit Konsulat og
skulde slaa Pengar!
Um ein halv Time eller so tok han endeleg Avskil
med Kapteinane. Han tok deim varmt og hjarteleg i
Handi, den eine etter den andre, og rødde og rødde
og saag paa deim med sine smaae kalde Augo som
lyste av Venskap, lyste i grønt.
— Og so var det eg daa.
Ja; eg sagde kva eg vilde. Fortalde um Baaten
som hadde narra meg, og sagde kor ille det var steilt.
So gav eg han Visitkorte mitt, og sistpaa Passe. I
det stod der kven eg var og kva eg var; og der stod,
at eg skulde passere fritt og uhindra og faa folkeleg
Medferd kvar eg kom, i Danmark, Tyskland,
Frankrike, England, Belgia og Holland.
No var eg i Holland. Og no var eg i Knipe. Her
i Byen kjende eg ikkje ein Kjeft; heimetter maatte eg
i denne Dag; og no fekk daa Konsulate vera so
rime-legt aa laane meg 100 Reichsmark — eg trudde kje
ein kunde laane mindre av eit Konsulat —, so eg
kunde koma godt og vel til Kristiania yvi Hamborg.
Den svartklædde saag netetter Passe mitt; so lyfte
han sitt Snyteskaft og heldt ei Tale.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>