- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
33

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33 FERDABREV



Bon Marché (Godtkaup) er vel det største
Mammonstempel eg hev sétt; i Kristiania hev me inkje noko
som læt seg likne med det. Det er Høgd yvi Høgd
av endelause Krambu-Salar; og Salane er som
Ut-stellingsrom: fyllte med noko-so-nær alt som eit
Menneske kann ynskje aa hava; men mest er der av
Kvinn-folkklæde og Kvinnfolkstas.

Klokke fekk eg. Gild Klokke; gjeng som eit
Otte-dagsur berre eg hugsar aa draga ho upp; og ho kostar
so lite at eg ikkje bryr meg um aa fortelja det.

Men Pistolar hadde dei ikkje. Den Krambukaren
me handia med var svensk; han sa at dei var so
f re dligtsi n n ad e der i Huse.

Men der var ein Vaapnsmed her burti Gata, fortalde
han; der kunde me faa Pistolar, um det var slikt me var
ute paa.

Vaapnsmeden fann me. Og Damune vilde eg hava
med meg inn, um det kanskje skulde koma til aa
knipe med Maale for meg.

Men Frøken Backer var imot at eg skulde kaupe
Revolver. Ho hadde den Trui at eg ikkje vilde koma
til aa skjote korkje Kjeltring eller Hund; berre meg
sjølv kunde eg raaka til aa gjera Skade. Naar eg stod
og ladde Revolveren, og sjølvsagt tenkte paa alle andre
Ting enn det eg hadde millom Hendane, so kunde
Pistolen gaa av, og eg faa Kula i Foten.

Frøken Kielland var for ein Gong Skuld paa mitt
Parti. Um det var av di ho trudde meg betre enn
Frøken Backer, som lite rimelegt er, eller ho tenkte
som so, at det kunde vera slik Slag um eg fekk meg
ei Pistolkule i Foten, det skal eg ikkje kunne segja.

Det var avgjort: eg skulde kaupe Revolver. Me
gjekk inn til Vaapnsmeden alle tri, til stor Forundring
for heile Verkstaden, vil eg tru.

„Ein Lümmerevolver," sa eg.

„Bjah, m’sjø!" sa han og kom med ein.

Bjah, m’sjø, bien, monsieur: godt, min Herre.

3 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free