Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
35 FERDABREV
Eg gav meg yvi likso godt. Det kunde ikkje nytte
aa skapa seg klokare enn ein var; desse Kvinnfolki
vert so vise no, at det snart maa bli Uraad aa vera
til for oss Mannfolk.
Og eg vart mjuk og tok imot all den Lærdom eg
kunde faa. Men skjemdest gjorde eg, ikkje berre for
Kvinnfolki men for heile Verkstaden. Desse
Fransk-mennane hadde vel aldri sétt slikt: eit vaksi Mannfolk
som var likso ukjend paa ein Revolver som eit Barn
født igaar. Skulde ikkje ein Mann kunna bruka ein
Revolver likso godt som han kann bruka Gaffel til
Maten! — Men me lærer ikkje slikt der heim-i
Norig. —
— Daa alt var avgjort gjekk me av paa ein Matsal
i rue du Bae og heldt Non (Diner). Det er det Maale
som me i Kristiania kallar Middag; men
Franskmen-nerne held Non seinare enn me, Klokka 6—7 for det
meste.
Etterpaa stor Rangel. Fyrst gjekk me paa
„Regen-cen" og drakk Kaffi — au Cognac for min Part —,
og so paa „Müller" og drakk tyskt 01 (d. v. s. eg)
og spela Domino med Matadorar.
Paa Heimvegen tala me um kor vondt det kunde
vera i denne Byen aa faa sova um Nætane. Eg meinte
for min Part at eg skulde klara det no. Men dei
hadde eit Par gode Raadir som dei ikkje kunde tegja
med, og eg fekk ei god Raad av kvar; der er alltid
nok av gode Raadir aa faa i denne Verdi.
Frøken Backer sagde, at fyrr eg lagde meg skulde
eg drikke eit godt Glas Sukkervarn. Svært mykje
Sukker uppløyst i eit Glas Vatn. Den Raadi lika eg
ikkje. Hadde ho endaa sagt Sukkervatn med noko
sterkt uppi! Eit Glas Sukkervatn kunde vera nok til
aa svæve eit Kvinnfolk med; for ein Mann skulde
det meir til.
Frøken Kielland forsikra, at naar ein ikkje fekk
sova, so var det svært nyttigt aa leggje att Augo og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>