Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
FERDABREV
telja til tri. Heldt ein paa med det og ikkje gav
seg, so somna ein til Slutt; ho hadde sjølv røynt det.
Men nei. Eg trudde meir paa Revolveren. Naar
eg lagde den framfor Sengi mi, skarpladd, sprengladd,
so vilde Fred og Trygd koma yvi meg; og Svevnen
vilde koma sigande av seg sjølv.
Eit Grand nervevak stod eg heime paa Kote mitt og
ladde Revolveren.
Fyrst gjorde eg Prøve med seks lause Patronar som
eg hadde fengi med. Og det viste seg at eg kunde;
for det er ingin Kunst. So tok eg fram dei skarpe
Patronane og ladde for Aalvor.
Men eg var som sagt uroleg. Um det no skulde
gaa gali med den sette Kula? Folk vilde høyre
Smellen; heile Hotelle vilde koma farande: le drama
au Quai des Grands Augustins; ein framand hev skoti
seg! Le cadavre, Like! lat oss faa sjaa Like! — Og
so vilde eg staa her, livs livande og heller flat. Dei
vilde gaa fraa meg i Sinne. Slik ein Fyr! Narre oss
paa den Maaten !
Men alt gjekk godt. Den sette Kula gjekk ikkje
av; Hotelle kom ikkje farande. Eg stod der livs
livande og rett fornøgd, og ingin vart narra.
Eg sette Stolen for Døri og Kufferten framfor Sengi.
Høgtidsamt lagde eg Revolveren nedpaa Kuffertloke;
og i modige Tankar klædde eg av meg. Eg hadde i
denne Stundi seks Manns Liv i mi Hand.
No kunde dei koma. Dei skulde finne den Mann
som ikkje lét seg stikke ihel som ein Galt eller kverke
som ein yvilaups Kattunge.
Men daa eg skulde stige i Sengi kom det for meg,
at ikkje alt var so greidt som eg hadde tenkt.
Um no eg laag her og sov, og Tjuven braut seg
yvilaups: overkomplet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>