- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
55

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 55

og ried, so nær som den Stundi um Sumaren, naar
han kann faa Tak paa eit Par Turistar!

Ja daa.

— Og her i Vaar fekk eg sjaa Armodsdomen fraa
den andre Sida.

Eg skulde sjaa igjenom „Statens udestaaende
Fordringer". Der var millom anna ei Liste yvi
Jarnvegs-tilskot som ikkje var innkomne. Du veit det var
teikna store Sümar privat; stakkars Folke uppetter
Dalane trudde at naar Jønnvegen kom skulde alt bli
godt; og so tøygde dei seg so langt dei kunde, og
lenger. So sit eg i det graae Kantore mitt ved den
graagule Pulten og ser paa denne Lista ... ei
endelaus Liste. Det gjeng Side upp og Side ned, Ark ut
og Ark inn; aa du store Tid so mange det er som
ikkje hev betala. Kor kann det hava seg? Der er
ein Rubrik som heiter „ Anmærkningsrubriken"; der
fær eg vita det.

„Konkurs; Fordringen anmeldt i Boet. — Do. —
Do. — Do. — Uformuende. — Do. — Do. — Do.

— Do. — Do. — Aldeles uformuende. — Udvandret
til Amerika. — Do. — Do. — Død; Enken nyder
Fattigunderstøttelse. — Afholdt Exekution efter
Underretsdom, men intet realisabelt Udlæg. — Opholdssted
ubekjendt. — Nyder Fattigunderstøttelse. — Død som
Fattiglem. — Ikke antruffen. — Skal være i Amerika.

— Reist til Australien. — I Sydamerika. — Bor paa
Island. — Uformuende. — Do. — Do. —• Do. — Do.

— Konkurs. — Do. — Do. — Do." . . .

Side etter Side, Blad etter Blad, Ark etter Ark;
eg vert leid; ris upp; gjeng aat Glase; ser ut . . .
Chr. Friele bakanfraa. Fælt podagristisk i Dag. Gjeng
med Stav; griner stygt; Flossen i Nakken . . . Folket?
Dette saakaldte „Folket"? heh!

„Uformuende" . . . „Død i Armod" . . .
„Konkurs" . . . „Reist til Amerika" . . . Side upp og Side
ned; Blad ut og Blad inn . . .

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free