Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
56
KOLBOTNBREV
Alle desse sprengde Liv legg seg for Bringa paa
meg. Dei stod seg godt ein Gong; sat med Gard,
Skog, Skipspartar; var modige og teikna Lütir i
Jønn-vegen som skulde koma med Rikdom og nye Tidir
upp gjenom Dalane. Daa Jønnvegen var ferdug tjuge
Aar etter var alt ute; Skipspartane verdlause, Skogen
uthoggin, Garden seld, Mannen „konkurs", i Amerika,
i Australia, paa Island, i ein eller annan Kyrkjegard;
og Enkja sat etter med Barneflokken og „nød" . . .
„ Fattigunderstøttelse ".
So kjem Staten. Staten som me held uppe med
all vaar Magt, av di det er den som skal forsvara oss,
forsvara vaart Liv, vaar Eigedom . . . Staten kjem.
Lensmannen drivin av Futen, Futen drivin av
Departe-mente, Departemente drivi av Statsrevisjonen,
Statsrevisjonen drivin av Stortinge . . . „kor gjeng det med
„de udestaaende Fordringer"?" — Lensmannen med
sine Vitne stig inn paa Lofte hjaa Enkja og skal gjera
„Execution". Det gjeld dei siste Restane; Gull-Ure
ho fekk av Mor si ein Gong; Gull-Ringen ho fekk av
Brudgomen sin; Vogga der Borni hennar hev sovi;
den gamle Sofaen; den siste Staskjolen . . . men so
er der kje noko. Det er burte alt; burte for lengi
sidan. Selt for Mat og for Ved, pantsett, utekskvera;
„intet realisabelt Udlæg", berre Fillur, Fillur ... og
midt i Fillehaugen ei gul, utsjaska Fille av eit
Men-neskjebarn.
Det vert meg til eit Bilæte av heile vaart arme
norske Liv.
Eg tek Hatten og Frakken og gjeng ut; Murlufti her
inne, og Kjellardaamen, og all denne Armod, det eine
med det andre hev gjort meg hugsjuk; eg maa faa
Luft; eg maa sjaa Folk; svingar innum paa Grand
og vil faa meg noko aa kveikje meg upp med.
Der sit fem seks Mann, kvar i si Kraa; dei ser ut
som dei au kunde vera komne fraa eit Kantor med
Kjellardaam og Armod. Men burte ved Hyrneglase sit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>