- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
57

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 57

ein Flokk Studentar, norsk Ungdom; dei maa vera
komne fraa „Live", dei. Sit og heng yvi Glasi sine
og tegjer. „Gider ikke." „Gider simpelthen ikke."
„Æsch" . . .

Her upp-i Fjelle er betre aa vera.
Den Jønnvegen eg hev vori so arg paa er god for
noko lel; me som hev Raad og gode Stundir kann
koma langt med den; eg kjem til Auma Stasjon paa
elleve Timar. Fraa Auma upp-yvi Fjelle, vest-yvi, ei
god halv norsk Mil, — so hev me Savalen. Yvi
Savalen med Baat, vest-yvi ei halv norsk Mil til . . .
der er Stogo mi i Garvik-Lia. Daa er eg i Norig.
Daa er Christian Friele gløymd.

Min gode Vén Ivar Mortensson hev funni paa at
Stogo mi skal heite Kolbotnen. Han hev tilmed sett
dette Namne i „Fedraheimen", so no trur Folk at
Stogo heiter so. Men det skal bli Lygn det, ser du.
Sætri mi er ingin Kolbotn. Ho ligg ved Garvika, upp-i
Garvik-Lia, innunder Garvikaasen; og aldri kjem det
anna Namn paa ho enn Garviksætri, so lengi eg liver.
Du fær hugse paa det, „Fedraheim". Bry deg aldri
um kva han segjer, denne candidatus theologiæ Ivar
Mortensson; han fer med so mykje Tull han.

Det kunde elles vera god Grunn til aa kalle Stogo
mi som han Ivar vil; for det er ein gamall Kolbotn
ho ligg paa. Dei hev brent mykje Kol her i fyrre
Tidir; og den Koja der Kolbrennarane budde stend
den Dag i Dag er. Og staa skal ho, berre ikkje den
skarve Stuten der burtatæ stangar ho ned for meg.
Men det er kje aa lite paa. Eg hev mykje Mas med
den Stuten, som elles er berre ein Trusk av ein
Stut, og ein Tosk attpaa; han kjem alltid naar eg er
i verste Basken med Fiskegryta, eller naar eg sit og
burtatæ: burtantil.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free