- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

KOLBOTNBREV

skal faa meg Mat. Daa kjem han remjande og
burande so eg høyrer han lang Veg — han øver seg i
aa vera olm —; og fyrr eg veit Ord av stend han og
klaar Skolten sin i Kojeveggen so det berre fyk med
Mold og Mose. Eg ut med Paaken det fortaste eg
vinn, og han til Beins; men naar eg vel er innkomin,
stend han ved Koja att og klaar seg som inginting
var; hev gløymt baade meg og Paaken. Fælt so lite
Vit der kann vera i slik ein Stuteskolt.

Koja ser ut paa Lag som ei Finnegamme, ei av dei
minste og minst for-seg-gjorde. Du kann kje staa rett
inni ho, ikkje i Miden dessmeir; og utanpaa ser ho
ut som ei kilerund Mosetuve med kvass Topp. Der
sat i fordoms Tid den svarte Kolbrennaren svarte
Kvelden og røykte paa den svarte Kritpipa og stelte
med ’n Svarte-Lars; og Folk nedi Bygdi, som totte
det maatte vera fælslegt aa liggje so einsleg der upp-i
Villmarki, tenkte so ymist, at den svarte Kallen i den
svarte Koja visst ender og daa vart gjesta av den som
var endaa svartare og hadde ein endaa større Eld aa
vakte paa enn slik ei Kolmile.

Kannhende det er noko slikt den snilde Kandidat
Mortensson tenkjer paa, naar han plent og plent vil at
Stogo mi skal heite Kotbotnen?

Men Stogo mi er for fin til aa hava so svart eit
Namn.

Uppe i Bakken ligg ho inneringa av store
Maste-furur, og glytter gjenom Skogen ned-yvi Savalen til
Tronfjell, som stend rett ned av Osen, ei Mil ifraa men
tett ved likevel, veldigt og blaatt, med breide rolege
Rundingar og liksom ein Ljoske yvi seg, eit sant
Østerdalsfjell.

Men Saval-Sjøen tøygjer seg blaa og blank ei halv
Svarte-Lars: Kjælenamn paa Kaffikjelen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free