Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 59
Mil ut-yvi, med ein Skogkrans ikring av Furu og Bjørk,
og med Vordir og laage Aasar paa Sidune. Fint og
rolegt dreg dei seg ut-yvi, desse Aasane, med lange
mjuke Rygningar gule av Reinmose, sterke og reine i
den klaare Lufti. Gjenom Skare i Sudvest ser du
Foldalsfjell og i klaart Ver Rundetoppar; i Vest stend
det vene Einundfjelle med sine mjuke Linur; og i
Nordvest og Nord dreg Lande seg uppetter i lange
Lidir og Kvelvar til Marsjøfjell, Gruvefjell, Storhø og
Savalkletten. So kjem i Nordaust eit lægre Lende med
Ryggir og Rés og smaae Bergufsir yvivaksne med
Skog; inni der bur det Bjørn, segjer dei. Men alt
dette som ligg i Halvringen fraa Nordvest til Nordaust
kann eg ikkje sjaa her fraa Kolb . . . fraa Garvika;
den bratte Skoglidi ovanum Huse stengjer det burt.
Men berre eg kjem upp Bakken, uppi i Bjørkelunden,
uppaa den vesle grøne Bekkevollen som han Ivar hev
døypt Vellir, so ser eg det meste av det; og tek eg
Baaten og ror ut paa Sjøen, ser eg det alt.
Sjølve denne lange myrke Furu-Lidi ovanum Huse
og rundt ikring er elles so fager at eg ikkje saknar
det ho stengjer ute. Og i denne Lidi liver det
Storfugl. Her fyrr i Sümar kunde det hende at det fyrste
eg saag um Morgonen var ein Tiur som gjekk der
nede og spanta; skulde vel hava sin Morgon-Drykk.
Og fram-etter Dagen, naar eg var ute og dreiv, flaksa
det Storfugl upp framfor Føtane mine rett som det var,
han svart og veldig, ho graaspettut og diger og
moder-leg, og flaug i Veg med svære, plaskande Vengjatak
som eg høyrde langt burtgjenom den tette Skogen. Det
var mine Fuglar. Daa det leid noko lenger utpaa vart
dei burte for meg; men dei kjem nok att. Og det
lyser eg hermed for alt Folk, at kjem det nokon og
skyt desse store fagre Fuglane, so skal han vera min
Uvén for Livstid. Det skal eg aldri tilgjeva.
Naar eg kjem upp-aa Høgdi, breider Savalen seg ut
Vord: rundbygt Fjell.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>