Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
60
KOLBOTNBREV
for meg med sine Holmar og Fjordar og Nes. Ikkje
heile Sjøen ser eg, so her paa Nedre-Høgdine; serleg
gøymer Nord-Fjordane seg burt; men endaa er det ein
Storsjø eg her hev framfyri meg. Og han er venare enn
han er stor til; aldri saag eg noko so blankt og blaatt.
Høgfjells Himil avspegla i kjeldeklaar Sjø; noko friskare
og reinare kann du kje ut tenkje. Og fraa Strendane
rundt ikring speglar seg Reinmosefjell og skogklædde
Aasar; lengst nede Tronfjell i si rolege Høgd.
Ved Solegladsbil fær dette Storfjelle stundom ein
serskild Glans yvi seg, ein raud, linn Solglim som
Skin av ein Eld; ein kjem til aa tenkje paa
sveitsiskt Alpenglühen. Speglar so dette Høgfjell-Skine
seg i Savalen millom det furugrøne og bjørke-ljose
fraa Skog, det reinmose-gule fraa Aas, det himilreint
blaae fraa Luft, — daa vert det eit Bilæte so
draum-fagert i sin mjuke og skifterike Glans, at du er ikkje
i Verdi lenger, men i Æventyrheimen.
Skog-grøne Nes tøygjer seg ut i Sjøen det eine
utanfor det andre; det gjev Liv. Tvo skog-grøne
Holmar, Skölholmen ut-imot Osen og Svarthugu
(-hovud) her inne ved Garviki, tøygjer seg burti
Vikine att; det skifter med Bugtir og Skognes so langt
du kann sjaa, heilt til Auga naar Osen og fær kvile
mot den breide Barmen aat Tronfjell.
Um der er Fisk i Savalen? — Ja det maa du tru.
Men han er ikkje god aa faa Tak i. Vil du fiske med
Flugu so maa det vera myrkt i Vere, og Vind, og ikkje
for kaldt; dertil maa det ikkje vera Skodde um
Fjelltoppane, og Vinden maa ikkje vera av Nord. Best er
det ei tvo-tri Dagar fyri eit Vérskifte; det segjer han
Ola, gamle Ola Viken, Grannen min ut-paa Svarthugu;
og han veit det.
Det hev vori fiska so lengi etter denne Saval-Auren,
at det er rart der kann vera so mykje att av han at
han daa bit sume Tidir; for det er med Fisken som
med oss: han vert klok av ill Røynd. Saval-Auren er
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>